Norwind døyper sitt første skip
Ålesund-reiarlaget overtar vindskip frå Vard Brattvåg.
Måndag er det klart for dåp av Norwind-reiarlaget sitt første skip ved Vard Brattvåg. Reresentantar frå reiarlaget og verftet deltek på seremonien sdom pressa er invitert til tidleg om ettermiddagen.
Skipet Norwind Breeze er det første skipet Norwind får levert. Førre helg var den ombygde PSV-en ute på prøvetur i Romsdalsfjorden etter ei omfattande ombygging til eit serviceskip for vindparkar til havs.
Skipet skal etter det NETT NO kjenner til ut i oppdrag frå juli.
Nybyggingsprogramet til reiarlaget inneheld også to nye skip som skal leverast i 2. kvartal 2023 og 3. kvartal 2024.
Begge blir utrusta av Vard-verft i Norge, men det første skroget skal bygges ved Braila-verftet i Romania, det andre ved Vard Vung Tau i Vietnam.
Tre Ålesund-familiar
Norwind Offshore blei starta i fjor. Reiarlaget bygde på staben frå Sverre Farstad & co, og held til i dei gamle Farstad-lokala på St. Olavs-plass i Ålesund.
Før helga melde reiarlaget at dei hadde fått med det danske investeringsfondet Navigare Capital Partners på ein emisjon i reiarlaget.
I tillegg til Sverre Anders Farstad og Sverre Olav Farstad, var Eivind Volstad og sonen Espen Volstad med på satsinga frå starten, begge med bakgrunn frå Volstad Shipping. Det var også Kleven-familien gjennom Maren Kleven Fox og Magnus Kleven. Begge er barna til Bunker Oil-eier - og sjef, Jan Magnus Kleven.
Publisert: 29.05.2022 21:54
Sist oppdatert: 30.05.2022 12:31