Kitin krillskip illustrasjon kitin 11
MILLIARDINVESTERING: Krilltrålaren til Kitin-konsernet skal bli 140 meter lang.
Nytt

Ny investor inn i krill-satsing

Held krillselskapet Kitin i Giske flytande medan selskapet fiskar etter fleire investorar.

21.08.2023

Neste år skulle krilltrålaren til Giske-selskapet Kitin vore i fiske etter den vesle krepsearten kill i Antarktis - om alt hadde gått etter planen.

Det gjorde det ikkje, men planen er ikkje lagt på is. Selskapet arbeider framleis med å få inn eigarar som kan vere med og finansiere milliardfartøyet.

Dagleg leiar og største aksjonær, Nils Halvard Molnes, seier der er positiv interesse, men kan ikkje kommentere om, og når ei kapitalutviding er på plass.

Molnes anslår eigekapitalbehovet er på omlag 400 millinar kroner.

Forlenga frist
Kitin har eit løyve frå norske styresmakter til å drive krillfiske i Antarktis. Eit vilkår for løyvet er at det blir brukt. Opphavleg hadde Kitin frist til ut 2023 med å vere i gang med bygginga av krilltrålaren, men har fått forlenga fristen til ut 2025, seier Molnes til NETT NO.

I 2021 hadde Kitin fleire tilsette på lønningslista, men koronapandemien og deretter kirgen i Ukrania medverka både til å gjere det tyngre å få med investorar.

Samstundes vart byggjekostnadane auka og meir usikre. Det er forklaringa på at selskapet enno ikkje er mål med kapitalutvidinga.

Har sikra drift
Verksemda i Kitin er på eit sparebluss, men selskapet har ein investor i ryggen som har sikra finansierng av arbeidet som blir gjort.

Investoren har førebels gått inn med lån, men er no på veg inn også som aksjonær, ifølgje Molnes.

Førebels vil Molnes ikkje opplyse kven den nye medeigaren er.

Investering på minst 1,5 milliardar
Hovudmålet til selskapet er å få inn langsiktige investorar som gjer det råd å bygge skip og landanlegg i Giske for fangst og foredling av krill.

Då NETT NO skreiv om planane i 2021 var anslaget at det til saman var snakk om ei investering på 1,5 milliardar kroner. Molnes seier at selskapet i 2021 anslo at skipet åleine, med fabrikk ombord, ville koste 1,15 milliardar kroner.

Han har ikkje ei oppdatert kostnadsvurdering, men seier det er faktorar som har drege prisnivået opp - og andre som har drege prisnivået ned. Valutakursutvikling og betre rammevilkår har styrka norske verft sin konkurranseposisjon samanlikna med 2021, ifølgje Molnes.

Fekk konsesjon i 2019
Kitin Antarktis fekk konsesjon til krillfiske i Antarktis i 2019. Det er eit fiske som både Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Biomarine og Stig Remøy-dominerte Rimfrost-konsern allereie er inne i.

Kitin Antarktis er eit datterselskap i Kitin-konsernet og skal eige og drive krilltrålaren.

Den opphavlege planen til Kitin var å signere byggekontrakt på ein 140 meter lang krilltrålar i fjor haust. I andre eller tredje kvartal i 2024 skulle skipet starte fiske, og i mellomtida skulle det byggast eit pilotanlegg for produksjonen på land.

Ideen til Kitin er å konserveres krillen med kaldpressing der vatnet blir fjerna om bord, før råstoffet blir pakka og fryst i blokker som blir lasta over i fraktefartøy og sendt til Sunnmøre for vidare bearbeiding.

Kitin Antarktis as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt0,0061,0
Driftsresultat-2,7-5,5
Resultat før skatt-2,7-5,5

Publisert: 21.08.2023 15:00

Sist oppdatert: 21.08.2023 14:47