Arbeidsmarked montasje verft møbel foto marius 11
SKILNADER: Industrien har for tida flest arbeidsledige på Nordvestlandet. Det bidreg til at Sunnmøre har hardare råka enn dei andre fogderia på Nordvestlandet. Ekornes og andre møbelprodusentar i Sykkylven er mellom dei som har tilsett mange det siste året. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Analyse: Vil ikkje mangle arbeidsoppgåver

Nett no kan det vere lett å gløyme – men å skaffe folk til jobbane vil vere den største utfordringa på Nordvestlandet framover.

Marius Rosbach
03.04.2021

KORONA-KONSEKVENSANE:

Under pandemien har mykje dreia seg om alle dei som står utan jobb og dei mange permitterte. Men mangel på folk - ikkje jobbar er Nordvestlandet si store utfordring på sikt.

Det er tøffe tider for dei bransjane som er hardast råka – ikkje minst for tilsette i reiseliv og servering som no igjen må ut i nye permisjonar som følgje av dei nyaste smitteverntiltaka.

Men arbeidsløysa har gått drastisk ned sidan koronatiltaka førte meir enn 10.000 arbeidstakarar ut i permisjon eller arbeidsløyse for kring eitt år sidan.

Dette er åttande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Til dømes i Sykkylven som på disse tider i fjor hadde den høgste arbeidsløysa i landet. Sidan då har hjørnesteinsbedrifta Ekornes opplevd den største veksten i tilsette på fleire tiår og i andre delar av møbelbransjen har det også vore stort behov for folk.

Dei siste tala til NAV viser at det er 3951 heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal som svarar til 2,8 prosent av arbeidsstyrken. I februar 2020 var det 2922 registrert heilt ledige i fylket.

I Nordfjord-kommunane er snittet noko lågare med mellom 2,1 og 3,2 prosent ledige av arbeidsstyrken sist veke.

Likevel er tala allereie godt under toppen regionen opplevde under oljekrisa i 2014-17 då 5093 var utan arbeid på det meste.

Det er vel å merke skilnader i utviklinga i dei ulike distrikta på Nordvestlandet. Samanlikna med februar 2020 har Sunnmøre hatt den dårlegaste utviklinga av fogderia i Møre og Romsdal. Her har arbeidsløysa auka med 48 prosent sidan koronapandemien slo inn. Nordmøre og Romsdal har hatt auke på 15 og 22 prosent.

Køen med arbeidssøkjarar vil også truleg bli lengre over påske som følgje av strengare smitteverntiltak. Men den langsiktige trenden viser at Møre og Romsdal allereie er på god veg ned mot nivået før koronapandemien.

Fylkesdirektør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal minna NETT NO sine lesarar i vinter om at næringslivet etter pandemien vil trenge fleire folk. Sidan då har nær tusen personar gått ut av køen med arbeidssøkjarar.

Podium

E9/S1 Bente Storhaug Dahl og Geir Balsnes om korleis skape ein god prestasjonskultur.

Eit signal om kor mykje pendelen allereie har svinga tilbake, kan ein lese i det siste kompetansebarometer frå NHO før påske. Her svara heile 63 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal at dei hadde vanskar med å få tak på rett folk. Berre Finnmark og Troms var verre stilt.

Det kan vere lett å gløyme når vi høyrer det er stor kamp om ledige stillingar. Men framleis slit andre bransjar med å få tak på fagfolk.Og sjølv om det blei utlyst færre jobbar i fjor enn året før, gjekk fleire enn 15.000 nye stillingar gjennom NAV Møre og Romsdal sine kanalar.

Fylkesdirektøren peiker på at pandemien truleg vil forsterke trenden med at teknologi og digitalisering gjer at nokre jobbar forsvinn, eller innhaldet i arbeidsoppgåvene blir endra.

Ein del av desse er ironisk nok låglønte som har vist seg heilt nødvendige for at logistikken i samfunnet skal fungere under ein pandemi. Fleire av desse må belage seg på å skifte yrke i åra framover grunna ein utvikling som har skote fart under pandemien. Å vidareutdanne og skaffe nye jobbar til slike teknologiutsette yrke vil vere viktig for å halde sysselsettinga oppe.

Det gir moglegheiter, men mange i denne gruppa er sårbare og vil bli svakare stilt undervegs. Slik kan skilnadene mellom folk auke. Då er det prisverdig at NAV i Møre og Romsdal framover vil prioritere å få dei kring 1100 heilt ledige under 30 år ut i arbeid. Mange av desse har ikkje gått vidaregåande skule. Dette blir første oppgåve i arbeidet med å få ei gruppe som utgjer ein betydeleg unytta ressurs, tilbake i arbeidslivet.

Og regionen har nok av andre utfordringar å handtere. Legg til framleis utflytting og ei aldrande befolkning, så kan ein bli motlaus for moglegheitene til at bedriftene på Nordvestlandet skal få tak på alle dei flinke folka dei vil trenge i åra framover.

Stranda-ordførar Jan Olav Tryggestad hadde følgjande hjartesukk då fylkespolitikarane diskuterte utdanning i fjor sommar. Sp-politikaren erkjente at det var eit paradoks at styresmaktene i koronakrisa nyttar store summar for karantenetiltak for utanlandsk arbeidskraft, samtidig som fylkeskommunen spara på utdanningstilboda til norske ungdomar.

– Verdiskaping er avgrensa, og vi bidreg til ei form for global utvikling der vi ikkje sikrar lokalsamfunna, sa han.

Ei trøyst kan vere at fleire av ungdomane som skal starte på vidaregåande skular, har søkt seg til yrkesfag under pandemien.

Den maritime industrien som har vore ein motor for busetnad i regionen i tiår, har vore mellom bransjane som har vore nøydd til å rekruttere mange fagfolk frå utlandet. Arbeidsinnvandring har vore avgjerande for at klynga framleis er levande.

Betre tider i heimlanda har dei siste åra gjort at det har kome færre arbeidsinnvandrarar til Nordvestlandet. Men den siste fylkesstatistikken viser at innvandring framleis er eit viktig bidreg for mange kommunar til å halde på folketalet.

Med auka fattigdom i større delar av verda som følgje av pandemien, kan den trenden snu og fleire reise til land som Norge – og til Nordvestlandet. Det står att å sjå – men om dei kjem, vil det truleg ikkje mangle på arbeidsoppgåver.

Dette er åttande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 03.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 21.04.2021 10:11

Mer om