Ny runde i millionstrid
Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll har skifta advokat før striden om Stormfuglen-salet skal opp i lagmannsretten.
Begge partar anka tingretten sin dom i striden mellom skipsmeklarselskapet Atlantic Marine og dagleg leiar og medeigar Kåre Sindre Nyvoll og tidlegare fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann.
Ankesaka skal opp i Frostating lagmannsrett 15.-19. januar neste år, og skal haldast i Ålesund, der også saka gjekk for Møre og Romsdal tingrett.
Ny advokat
I tingretten var Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll representert av Silje Bruun Teigen og Oda Vinjevoll i advokatfirmaet Adviso.
I ankesaka blir Nyvoll og Atlantic Marine representert av Ola Haugen i advokatfirmaet Wikborg Rein og advokat Jørgen A. Stubberud. Stubberud eig og driv selskapet Adv. Stubberud Fiskebåt og Kvotemegling As.
14 og 3 millionar i erstatning
Tingretten dømde skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll til å betale høvesvis 14 og 3 millionar kroner i erstatning til Strand-søstrene sitt selskap Stormfuglen Holding.
Bakgrunnen var salet av fiskebåten Stormfuglen for 320 millionar kroner i 2020.
Etter at salet var gjennomført har seljarane går til sak, og krev erstatning frå Atlantic Marine og Nyvoll.
Gjekk glipp av 95 millionar
Dommen konkludere med at prisen for båten var innanfor marknadspris då salet skjedde, men at manglande rådgiving om effekten av å selje båten direkte kontra å selje aksjar i eit datterselskap gjorde at gevinsten vart mindre enn den kunne blitt for Stormfuglen Holding.
Ifølgje dommen ville det vore skattemessig gunstigare for Stormfuglen Holding å selje aksjane i datterselskapet Stormfuglen - som eigde båt og kvotar - i staden for å selge båt og kvotar direkte, såkalla innmatsal.
I prosedyren sa Stormfuglen Holding sin advokat, Ulf Sørdal, at retten burde legge til grunn at Stormfuglen Holding til saman gjekk glipp av 95 millionar kroner i inntekter på grunn av framgangsmåten til Atlantic Marine. Beløpet er konskekvens av dårleg skatterådgiving og av at der ville vere råd å få ein høgare pris, ifølgje prosedyre.
Atlantic Marine og Nyvoll sine advokatar argumenterte med at Eva Toril Strand sette vilkåra for salet av Stormfuglen og må sjølv bere risikoen ved at ho godtok bodet.
Publisert: 28.08.2023 13:11
Sist oppdatert: 28.08.2023 13:11