Nytt leiarskifte i Myklebust Verft
Leiv Sindre Muren tek over etter Kristin Hide.
Kristin Hide byrja som sjef for Myklebust Verft i august i 2023, men har no sagt opp stillinga si etter omlag eit halvt år i jobben.
Styret takker for innsatsen og spesielt arbeidet med å inngå nye viktige kontraktar, skriv selskapet i ei pressemelding.
Finansdirektør Leiv Sindre Muren blir ny toppsjef.
- Leiv Sindre Muren har vore hjå Myklebust Verft i snart 10 år, og kjenner organisasjonen godt. Han har lang erfaring som CFO, og styret er trygge på at han vil ta Myklebust videre på en god måte, seier styreleiar Per-Christian Kroepelien Lillebø i ei pressemelding.
Hyppige skifte
Hide blei tilsett som toppsjef etter at Lars Conradi Andersen sa opp jobben i januar 2023 for å bli dagleg leiar i offshorereiarlaget Rem Offshore.
Då hadde Conradi Andersen leia verftet sidan 1. januar 2022.
Conradi Andersen kom til verftet etter at Inge-Johnny Hide gjekk av i desember 2021.
Myklebust Verft har hatt mest å gjere med reparasjon og vedlikehald for tida.
Samtidig har dei fleire større oppdrag i ordreboka. Den siste var ein avtale med Island Offshore om ei ombygging av skipet Island Condor.
I fjor haust fekk Gursken-verftet også oppdraget med å bygge ein pelagisk tråler for det skotske fiskebåtrederiet Sunbeam Fishing Limited. Avtalen var den første - og siste - nybyggingskontrakta som Kristin Hide signerte som verftssjef på Sande-verftet.
Publisert: 08.02.2024 16:28
Sist oppdatert: 29.02.2024 00:04