Opna ny produksjonslinje på tredje dag i sjefsrolla
- Kjempeviktig og viser at dei meiner alvor, seier ordføraren om nysatsinga han opna med den nye Kongsberg Maritime-sjefen.
Torsdag var det stor glede i Ulsteinvik då Kongsberg Maritime kunne invitere til opning av sin nye produksjonslinje.
Både kundar og partnere var invitert for å sjå hallen der konsernet skal lage siste generasjon av elektrisk propulsjon – med namnet «Rim Drive Thrustere».
Ulstein-ordførar Knut Erik Engh klipte snora saman med den nybakte Kongsberg Maritime-sjefen, Lisa Edvardsen Haugan.
Tredje dag som Kongsberg Maritime-sjef
Haugan hadde sin første offisielle arbeidsdag som administrerande direktør i Kongsberg Maritime tysdag denne veka.
Den Harstad-fødde kvinna bur i Kongsberg, men er allereie godt kjent på Sunnmøre etter å ha pendla til regionen gjennom fleire år i sin tidlegare stilling.
Les også
Viser at dei meiner alvor
I opningstala trekte Ulstein-ordføraren fram korleis både den nye produksjonslinja og investeringa i kontorplassar, har gitt Ulstein-samfunnet tilbake trua på at utstyrsleverandøren har ei framtid i kystbyen.
- Det har vore ei tid då vi har hatt nedskjeringar og omstillingar som har vore tøft, og gjort at mange har stilt spørsmål ved kva Kongsberg vil i Ulsteinvik, utdjupar Engh til NETT NO.
- At Kongsberg no satsar er kjempeviktig og viser at dei meiner alvor, legg Engh til.
At Kongsberg no satsar er kjempeviktig, og viser at dei meiner alvor
Wenche H. Andersen frå leiargruppa til Kongsberg Maritime deltok under opning. Ho kunne stadfeste inntrykket til ordføraren.
– Kongsberg investerer betydelege midlar her, og eg håpar at vi kan by dokke inn til vårt nye bygg i desember neste år, la ho til.
Lokale reiarlag mellom dei første kundane
Kongsberg påpeiker at det ligg ei langvarig satsing på produktutvikling og dialog med marknaden bak realiseringa av produksjonslinja.
Utstyrsleverandøren har opplevd ei auke i volumet av rim drive»-thrusterane i ordreboka og har stor tru på at det skal bli meir. Ottar Ristesund som leiar salsverksemda kunne fortelje at Kongsberg no har kring 40 thrustarar i ordreboka.
– Ein stor del av desse er til lokale reiarlag her på Sunnmøre, la han til.
Rem Offshore og Norwind Offshore var mellom dei første kundane. Dei ville ha thrusterane på sine nye serviceskip for vindkraft under bygging hos Vard.
Enkelt forklart dreier det seg om propellar som blir drifta av permanent magnet-motorar.
På ein slik thruster er det eit elektrisk magnetfelt som genererer rotasjon kring ytterkanten av propellblada. På konvensjonelle thrustere er derimot propellen dreve av ei aksling og gir tilkopla ein ekstern motor.
Renoverer kontorbygg og bygger nytt
Kongsberg Maritime er samtidig i full gong med å renovere kontorbygga i
Ulsteinvik. Kring 100 milliionar kroner skal nyttast til rehabilitering
og nybygg på staden.
Selskapet håpar at dei rundt 200 tilsette kan flytte inn i nye lokaler før jul neste år.
I tillegg skal meir areal bli tilpassa serviceaktivitet, som også er ein marknad i vekst.
Publisert: 03.11.2022 17:17
Sist oppdatert: 04.11.2022 10:51