Ny produksjonslinje ved propellfabrikken
Kongsberg Maritime har utvikla ein ny metode for å lage ein ny type thrustere. Og dei har godt med ordrar på nyvinninga.
Kongsberg Maritime gjer i desse dagar klart for auka produksjon av magnetdrivne thrusterar ved det som på folkemunne blir kalla propellfabrikken i Ulsteinvik.
Ein stor hall er rydda og pussa opp. Dei neste vekene kjem ei ny produksjonslinje på plass. Her skal dei tilsette montere det som på fagspråket blir kalla «rim drive»-thrustere – tidlegare omtalt som PM-thrustrar.
– Det er eit nytt produkt som har hatt låge volum. No når vi har større volum, treng vi større areal for å møte oppdragsmengda, fortel Agathe Kalvatn som er teknisk produksjonssjef ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik, til NETT NO.
No når vi har større volum, treng vi større areal for å møte oppdragsmengda
Godt med ordrar framover
Utstyrsleverandøren har stor tru på den nye typen thrustere. Enkelt
forklart dreier det seg om propellar som blir drifta av permanent magnet-motorar.
På ein slik thruster er det eit elektrisk magnetfelt som genererer rotasjon kring ytterkanten av propellblada. På konvensjonelle thrustere er derimot propellen dreve av ei aksling og gir tilkopla ein ekstern motor.
– Vi har levert nokre allereie, og har godt med ordrar på dette området dei neste to åra, fortel Kalvatn.
Ein anna fordel er at propellane er meir effektive enn alternativa.
Ny produksjonsmetode
Under eit besøk ved bedrifta denne veka fekk deltakarane på
konferansen Ship Technology Days mellom anna ei orientering om den nye
produksjonslinja.
Men bak eit skjerma område var det ingen som fekk lov å sleppe til. Årsaka er at utstyrsleverandøren har teke i bruk ein ny produksjonsmetode for thrusterane.
Rune Garen som har tittelen «senior vice president for business concepts» vil ikkje gå i detalj, men fortel til NETT NO at det dreiar seg om bruk av kompositt i staden for metall i propellane.
– Desse thrusterane inneheld mykje kompositt i maskinkomponentane, som er heilt i kjerna på funksjonaliteten. Den produksjonslinja som blir sett opp no, er ei innleiande kapitell i den nye tida der elektrifisering er drivaren, fortel han.
Lokale reiarlag tidleg ute
To lokale reiarlag – Rem Offshore og Norwind Offshore – er mellom dei
første kundane. Dei vil ha thrusterane på sine nye serviceskip for
vindkraft som dei skal bygge hos Vard.
Garen påpeiker at dette er store ordrar – samtidig som dei er viktige fordi dei gjer at dei nye thrusterane blir teke i bruk på sjøen.
– Ved at lokale reiarar kjem til oss og vil ha den nyaste teknologien, får vi moglegheit til å teste ut dette. Det er slik denne klynga utvikla seg, ved at vi har reiarar som er tøffe nok til å ta i bruk ny teknologi, påpeiker han.
Det er slik denne klynga utvikla seg, ved at vi har reiarar som er tøffe nok til å ta i bruk ny teknologi
Publisert: 16.09.2022 05:00
Sist oppdatert: 16.09.2022 14:30