Hofseth Visningsflåte Foto Marius Rosbach
VISNINGSFLÅTE: Sjef og eigar i Hofseth, Roger Hofseth, om bord på visningsflåten i Storfjord nyleg. Onsdag er det opning. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Opnar visningsflåte og døyper elektrisk arbeidsbåt

Skuleelevar opnar Hofseth-flåte for undervisning og guiding av turistar.

Marius Rosbach
18.10.2022

Hofseth-gruppen inviterer onsdag til opning av visningsflåte ved Valldalen i Storfjorden. Samtidig blir den nye heilelektriske arbeidsbåten Zero døypt.

Det er elevar frå havbrukslinja på Stranda og i Ålesund som vil stå for dåpen og opninga, ifølgje ein invitasjon til pressa.

Hofseth sitt visningssenter for havbruk består av ein flåte i Storfjorden, og eit informasjonssenter ved Atlanterhavsparken som blei opna i august.

Turar med Uteguiden
Hofseth meiner flåten som er plassert på Vindsnes utanfor Valldal, vil vere ein viktig plass for opplæring av både skuleelevar og andre.

Selskapet Uteguiden skal ha med turistar og andre på flåtebesøk framover. I tillegg skal Hofseth drive opplæring av elevar og lærlingar som er utplassert ved oppdrettsanlegga deira i Storfjorden.

Hofseth arbeidsbåt Zero foto Hofseth 11
BYGD I ÅLESUND: Den eldrivne arbeidsbåten Zero er levert av Ålesund-firmaet Maritime Partner. Foto: Hofseth

Oppkalla etter oppdrettspioner
Flåten er oppkalla etter oppdrettspioneren Ivar Heggen frå Valldal. Han var levande oppteken av oppdrett, og meinte allereie på 1970-talet at næringa kom til å bli ein av dei største her til lands.

Borneborna John Ivar og Ivar Heggen deltek på opninga onsdag.

Seansen startar med dåp av arbeidsbåten, før det blir opning av flåten – og etterpå blir det sjølvsagt servert laks og ørret til dei besøkande.

Hofseth visningsflåte Foto Hofseth 11
UNDERVISNING OG GUIDING: Flåten som ligg i Storfjorden ved Valldal skal nyttast til undervisning av skuleelevar og guiding av turistar. Foto: Hofseth

Publisert: 18.10.2022 13:19

Sist oppdatert: 18.10.2022 20:35

Mer om