Oppdrettskutt for tredje år på rad
Oppdrettarar fra Stad til Nordhordaland må redusere produksjonen.
For å halde lakselusproblemet i sjakk er norskekysten delt i 13 regionar, der regjeringa avgjer om lakse- og aureoppdrettarane får auke, må redusere eller halde produksjonen stabil, alt etter kor store lakselusproblema er.
Mellom Ryfylke og Stad må produksjonen ned seks prosent, melder regjeringa i dag. For den nordlegaste delen av dette området, frå Nordhordaland til Stad, er det tredje gang oppdrettarane blir pålagt å redusere produksjonen.
– Det bekymrar meg at påverknaden frå lakselus aukar i fleire område, og at dette skjer på tross av at målet er å redusere påverknaden. Dersom næringa skal kunne vekse, er den nødd til å gjere endringar for å redusere utslipp av lakseluslarver frå anleggene, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth i ei pressemelding.
Null vekst i Møre og Romsdal
Frå Stad og nord til Bodø får ikkje oppdrettarane auke produksjonen, men kan halde den på dagens nivå.
Frå Bodø til grensa mot Russland har oppdrettarane auke produksjonen inntil seks prosent, og det same kan oppdrettsanlegg mellom Ryfylke og svenskegrensa.
Ifølgje regjeringa vil dagens vedtak kunen gi ein auka produksjon av laks og aure på 21.000 tonn i året.
Ut på auksjon
Den årlege reguleringa av kvar oppdrettane kan få vekse eller ei blir kalla trafikklyssytemet, der kysten blir fargelagt i grønt, gult eller raudt. I raude regionar må oppdrettsproduksjonen ned, i gule kan den vere stabil og i grøne kan den auke.
Retten til å auke produksjonen blir lagt ut til sals, del til fastpris på 170.000 kroner per tonn og dels på auksjon der den som betalar best får tilslaget.
Publisert: 06.03.2024 09:21
Sist oppdatert: 06.03.2024 15:20