Kleven ola beinnes fosse kjetil bollestad 11
SKAL VITNE: Kjetil Bollestad (t.h.) då han var Kleven-direktør, saman med dåverande finansdirektør Ola Beinnes Fosse. Begge skal vitne i søksmålet mot den tidlegare verftseigaren. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

– Oppteken av å få fram fakta i saka

Tidlegare Kleven-direktør er mellom dei som skal vitne i søksmål mot tidlegare verftseigar.

Marius Rosbach
31.10.2023

8. november er det klart for søksmålet som buet etter Kleven-konkursane, har anlagt mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft.

NETT NO omtala måndag at Tomislav Debeljak avviser alle skuldingane mot seg, og meiner det ikkje er grunnlag for erstatningskravet.

Også forsikringsselskapet Tryg, som teikna forsikring om styreansvar for Debeljak, er saksøkt – og avviser skuldingane.

Møter tidlegare eigar
Det er kalla inn til saman 15 vitne til rettssaka som skal gå i Hordaland tingrett over sju dagar.

Tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad er mellom dei ti vitna som buet sin advokat har ført opp i sitt sluttinnlegg.

– Kva forventingar har du til å møte din tidlegare eigar?

– Eg har ingen forventingar til å møte han igjen, og er oppteken av å få fram fakta i saka, seier Bollestad til NETT NO.

Han ønsker ikkje å kommentere saka vidare.

Slutta på dagen
Verftsdirektøren slutta på dagen i juni 2020, etter å ha kome på kant med den tidlegare eigaren. Då var Bollestad tydeleg på at han ikkje hadde noko til overs for den kroatiske forretningsmannen sin måte å drive verksemda på.

– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av, sa han til NETT NO den gong.

I tillegg til Bollestad, skal tidlegare finansdirektør og styreleiar på Kleven, Ola Beinnes Fosses, og tidlegare prosjektleiar Eirik Pedersen, vitne i saka.

GIEK-tilsette på vitnelista
To tilsette frå det som den gong heitte GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) skal også vitne. Etter det NETT NO forstår, dreiar det seg om at GIEK hadde garanti for eit byggjelån som står sentralt i saka.

Tre advokatar, burevisoren og banksjef Rune Malvik i Sparebanken Midt-Norge står også på vitneliste frå buet si side.

Bustyrar Bjørn Åge Hamre skal gi partsforklaring på vegner av buet, som vil vere representert ved Bergens-advokat Jan Vablum frå firmaet Simonsen Vogt Wiig.

Tomislav debeljak zoran kunkera 11
KJEM TIL BERGEN: Tomislav Debeljak (t.h.) saman med Zoran Kunkera, som blei omtala som «chief business officer», på Kleven etter at det den kroatiske forretningsmannen tok over verftet. Begge kjem til tingretten i Bergen. Arkivfoto: Marius Rosbach

Debeljak skal forklare seg
Div Group-eigar - og tidlegare Kleven-eigar - Tomislav Debeljak skal sjølv gi partsforklaring i tingretten.

I tillegg skal tre tilsette i Div Group - finansdirektør, prosjektleiar for innkjøp og leiaren for konsernet si juridiske avdeling – vitne for saksøkte.

Også Zoran Kunkera, som blei omtala som «chief business officer» av Debeljak i møte med pressa, skal i vitneboksen.

Den siste personen som er ført på vitnelista frå dei saksøkte si side, er advokat Peder Brøndmo frå Deloitte. Advokatfirmaet representerer Debeljak og Tryg Forsikring i retten.

Saksøkt for 168 millionar
Den kroatiske forretningsmannen er saksøkt for 168 millionar kroner, eit tap konkursbuet meiner verftet blei påført – og at det var den kroatiske forretningsmannen sin oppførsel og handlingar som var den direkte årsaka.

Grunnlaget for kravet er knytt til verdien av eit offshoreskip som var under arbeid – og som aldri blei levert frå verftet.

Debeljak var eigar og styreleiar i kroatiske Div Group, som gjekk inn som Kleven-eigarar i mars 2020. Få månader etterpå gjekk verftsselskapa konkurs som følgje av at bankane kansellerte låneavtalane med verftet.

Publisert: 31.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.10.2023 00:25

Mer om