NTB x7m Jn IJ Ue30 1
FÆRRE PESSIMISTAR: Reiselivet melder om betre utsikter. Foto: Gorm Kallestad / NTB/NPK
Nytt

Optimisme og krigs-uvisse

NHO: Reiselivet er i ferd med å friskne til, men slit framleis.

11.04.2022

NPK-NTB: Situasjonen i reiselivet har betra seg etter opphevinga av koronarestriksjonane, men dei fleste er ikkje tilbake til normalen og møter no nye utfordringar.

– Mange reiselivsbedrifter blir ramma av nye, tøffe utfordringar i ein situasjon der dei ikkje har rokke å komme seg etter pandemien. Skyhøge prisar på straum, råvarer og bensin rammar bedriftene hardt, og det er knytt stor uvisse til ringverknadene av krigen i Ukraina, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

I NHO Reiselivs medlemsundersøking vurderer nær tre av ti marknadssituasjonen som god. 56 prosent meiner han er tilfredsstillande og 16 prosent dårleg. I førre undersøking i midten av mars meinte 24 prosent at situasjonen var dårleg.

Lågare omsetning og frykt for konkurs
43 prosent melder om lågare omsetning enn normalt. Det er ein nedgang frå 56 prosent førre gong. Det er likevel framleis høgare enn i resten av næringslivet, der delen er 28 prosent.

På spørsmål om bedrifta er tilbake til normal drift og inntening svarer 56 prosent nei, medan 40 prosent svarer ja. Blant dei som svarer nei, trur éin av tre at det vil ta eitt til to år før dei er tilbake.

Det er framleis høg konkursfrykt i reiselivsnæringa. Éin av fire bedrifter meiner det er ein reell risiko for konkurs, særleg i utelivsbransjen der delen er 55 prosent.

Optimisme likevel
Fire av ti melder at auka straumprisar vil føre til ein svært stor reduksjon i driftsresultatet.

Likevel er det optimisme i reiselivsnæringa. Over halvparten av bedriftene meiner marknadsutsiktene dei neste seks månadene vil betrast.

Krohn Devold meiner det er god grunn til å vere optimistisk. Både påska og sommaren er høgsesongar for næringa, og tradisjonelt sett ferierer mange nordmenn i Noreg i desse feriane.

198 reiselivsaktørar har svart på undersøkinga, som vart gjennomført 31. mars til 5. april.


Publisert: 11.04.2022 09:15

Sist oppdatert: 11.04.2022 09:23