Dronning Sonja Richard Grov Arne Hjeltnes
OPTIMISTISK: Overnatting- og serveringsnæringa er den bransjen med størst forventingar til utviklinga dei neste seks månadane, viser svara i 2. kvartalsutgåva av Vestlandsindeksen. Biletet er frå opning av gondolen Loen Skylift i 2017. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Optimismen rett opp

Aldri før i Vestlandsindeksen si historie har humøret i næringslivet stige raskare enn dei to siste kvartala.

06.06.2021

Forventningane til utviklinga på Vestlandet har gått bratt oppover dei to siste kvartala, frå 55 til 65,6 poeng.

Det viser forventningsindeksen, som er ein målestokk for forventningane til utviklinga dei komande månadane.

Forventningsindeksen er en del av Vestlandsindeksen som er Sparebanken Vest si kvartalsvise stemningsmåling for bedriftene i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Indeksane har ein skala frå 0 til 100.

Raskt ned og opp
Vestlandsindeksen blei første gang publisert i 2012. Då koronakrisa kom, stupte forventningsindeksen til under 55. Det er botnrekorden.

Forventningsindeksen steig igjen i tredje kvartal i fjor, og fall på ny i fjerde kvartal 2020 då smitten blussa opp igjen.

Dei to siste kvartal har forventningane til betre tider stige rekordmykje, og er no høgare enn rett før koronakrisa kom. Forventningsindeksen ligg også over det historiske gjennomsnittet (64 poeng) i den perioden Vestlandsindeksen har vore publisert.

Størst oppsving i bygg og anlegg
Resultatindeksen er ein del av Vestlandsindeksen, som måler det historiske resultatet dei siste tre månadane.

Også resultatindeksen stig i 2. kvartal, til 58,4 prosent. Den ligg framleis under det historiske gjennomsnittet på 60,6 prosent.

Det er bygg- og anleggsnæringa som har den største veksten i resultatindeksen, opp 16 prosent frå 1. kvartal.

- Det er den bransjen som leier an, seier Ragnhild Janbu Fresvik, sjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest.

Det var også bygg- og anlegg som var mest optimistisk til framtida i Vestlandsindeksen for eitt kvartal sidan - ei forventning som ser til å ha blitt innfridd.

I 2. kvartal er det overnattings- og serveringsnæringa som er mest optimistisk for den næraste framtida.

Sparebanken Vest har og sett på tala for Nordfjord og Sunnmøre som ein eigen region. Tal for Nordfjord/Sunnmøre er omlag på gjennomsnittet for heile Vestlandet.

Den vesle skilnaden frå gjennomsnittet, kan tyde på at dei negative konsekvensane av koronakrisa har vore litt mindre på Nordfjord/Sunnmøre og at forventningar tek seg opp frå eit litt høgare niveå.

Stigande lønsemd
Vestlandsindeksen viser at næringslivet trur på ein større vekst i etterspørselen enn i sysselsetting og investeringa. Det betyr at lønsemda vil gå opp dersom etterspørelsen aukar slik bedriftene trur.

Ein tredjepart av bedriftene som er spurt svara at dei rekna med å få kapasitetsvanskar. Fresvik seier bedriftene trur forsyninga av råvarer og komponentar kan bli den viktigaste flaskehalsen som bremsar vekst framover..

Forsyningsliner og produksjon er framleis forstyrra av koronakrisa, og det merkast også på Vestlandet.

Publisert: 06.06.2021 22:00

Sist oppdatert: 06.06.2021 21:36

Mer om