Ingvild Vartdal Tore Tonseth Torill Standal Eliassen foto Ogne Marius
RÅDGIVING OG SPARRINGPARTNAR: Ingvild Vartdal (t.v.) Tore Tønseth og Torill Standal. Foto: Ogne Øyehaug, Marius Rosbach
Nytt

Pir med rådgivarlag for gründerar

15 erfarne næringslivfolk i næringslivet skal vere mentorar og hjelpe fram nye bedrifter. Les kven det er.

27.03.2026

Nye bedrifter har større sjanse til å overleve og vekse seg større dersom gründerane har ein mentorsom gir råd og er samtalepartnar. Det ligg bak "Pir it Forward" som selskapet Pir i Ålesund står bak.

«Vi er omgitt av folk som har bygget noe, skalert, feilet og hatt suksess - og som brenner for å se andre lykkes. Pir it Forward handler om å gjøre den kunnskapen tilgjengelig for flere", seier dagleg leiar Anja Solevågseide i Pir i ei pressemelding.

Dette er dei 15 som er med som mentorar:

Torill Standal Eliassen, dagleg leiar i rekneskapsprogramvare-selskapet Conta.

Ingvild Vartdal, dagleg leiar i Adviso Advokatfirma.

Tore Tønseth, investeringsdirektør i Ronja Capital.

Marius Lunde Pedersen, styreleiar i Ut i Ålesund Management.

Kristina Giske, dagleg leiar i Vest Studio.

Eivind Molvær, partnar i Vest Studio.

Sara Strand, partnar i pr- og reklamebyrået Takk for sist.

Cathrin Andersen Ødegård, dagleg leiar i Piwot.

Tore Holmem, dagleg leiar og medgrunnleggar av Arkwiz.

Christian Finnskog, dagleg leiar i The North West.

Kathrine Synnes Finnskog, dagleg leiar for Løvenvoid Theater.

Sondre Omenås

Birgitte Hoddevik, marknadssjef i Sparebanken Møre.

Olav Sindre Kriken, dagleg leiar i Tana.

Marielle Furnes Mannseth, dagleg leiar i Blue Ctrl.

Publisert: 27.03.2026 08:32

Sist oppdatert: 29.03.2026 16:53

Mer om