Egget montasje roger hofseth foto ovim marius 11
LUKKA MERD: Volumet i den første versjonen av «Egget» har eit volum på 2.000 kubikkmeter og kapasitet på 90-100 tonn postsmolt. Roger Hofseth trur lukka merd er framtida. Foto: Hofseth/Marius Rosbach
Nytt

– Planen er å bygge fleire og det er ikkje komplisert

Lukka merdar i norske fjordar er løysinga, meiner Roger Hofseth.

Marius Rosbach
18.11.2023

Dei siste tre åra har Roger Hofseth investert om lag ein milliard kroner i oppdrettsverksemd i Storfjorden. Den siste og største investeringa, var eit stort settefiskanlegg inst i Tafjorden, som nyleg blei feira saman med tilsette, investorar og bygdefolket.

NETT NO har spurt korleis Hofseth ser føre seg å kome vidare med å utvikle oppdrettsbransjen, etter eit år der mykje har dreia seg om skattesjokk og stans i investeringar.

På toppen har det dei siste vekene kome ei rad med negative mediesaker om fiskevelferd og tilsynskontrollen i bransjen.

Avtale om å bygge «Egget» nummer to
Eit lyspunkt er at «Egget» eit konsept for lukka oppdrett som Hofseth har investert i, nyleg har inngått ein avtale om å bygge Egg nummer to.

Oppdragsgivarane er selskapet Prophylaxia. der Atlantic Sapphire-gründerane, Johan E. Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik, er på eigarsida.

Egget lukka oppdrett foto Hofseth 11
STORE INVESTERINGAR: Ein lukke merd som «Egget» koster kring 100 millionar å bygge. Tilsvaranda storleik sjømerd kostar kring tre millionar. Foto: Hofseth International

Arealbruk og industribygging
Regjeringa har ei trafikklysordning for oppdrettsbransjen der ein årleg vurderer om ein bør redusere, eller kan auke produksjonsvolumet. Per i dag er det raudt lys for vekst i oppdrettsanlegg på Nordvestlandet.

Eigaren av Hofseth-konsernet meiner ein kombinasjon av landbasert og lukka anlegg er framtida. Oppdrett til havs er han per i dag skeptisk til.

– Det dreiar seg om to ting: Det første er arealbruk. Ved å drive meir med lukka anlegg, kan vi produsere meir fisk på same areal, seier han.

– Også kunne vi bygd opp ein industri opp ein industri på å levere lukka anlegg. Hugs at det er ikkje berre laks her i verda, legg han til.

Hugs at det er ikkje berre laks her i verda
Roger Hofseth

Regjeringa vurderer miljøordning
Håpet til Hofseth er at det skal kome i avklaring om ei sokalla miljøordning for bransjen i løpet av 2024. Og at den skal bikke i favør av hans forslag: Ei bytteordning der ein kan levere inn éin konsesjon for oppdrett av fisk i ope merd, og får tre konsesjonar for lukka merdar tilbake.

Då den nye fiskeriministeren, Cecilie Myrseth, fekk spørsmål om saka på sitt første besøk på Sunnmøre nyleg, ville ho ikkje gå inn på kva ei slik ordning kan innehalde.

Statsråden viste til at havbruksutvalet leverte si utgreiing i haust og at høyringa går til nyåret. Deretter skal regjeringa kome tilbake til kva løysing dei ser føre seg.

– At vi skal sikre berekraft og teknologisk utvikling i havbruksnæringa, er kjempeviktig. Og der må også næringa vere flinke til å kome med gode innspel, sa Myrseth til NETT NO.

Første «Egget» i Romsdalsfjorden
Hofseth-konsernet med hovudkontor i Ålesund er ein mellomstor oppdrettsaktør. Med lukka anlegg og den nemnte bytteordninga håpar Roger Hofseth å auke produksjonen.

Han er ikkje i tvil om at «Egget» er ein del av løysinga. Slik skal ein kunne fjerne både luseproblem, fiskerømming – samtidig som avfall bli teke hand om utan at det kjem ut i fjorden.

Den første utgåva av den lukka stålmerden blei sett ut i Romsdalsfjorden tidlegare i 2023.

– Planen er å bygge fleire
Det er allereie bestemt at det blir minst eitt egg til, etter at Altantic Sapphire-gründerane la inn sin ordre.

– Planen er å bygge fleire, og det er ikkje komplisert, seier Hofseth.

– Det einaste problemet med lukka anlegg, er at det er så ekstremt mykje dyrare. Om du skal greie å forsvare den kostnaden, må du få produsert meir, legg han til.

Kvart av Egga kostar kring 100 millionar å bygge. Til samanlikning kostar ei tilsvarande storleik sjømerd kring tre millionar.

Størst på laks og aure til USA
Hofseth International har vekse til å bli den største foredlaren av laks og aure her til lands. Roger Hofseth reknar med at omsetninga passerer sju milliardar kroner for heile konsernet i 2023.

Dei har også lukkast med å bli den største enkelteksportøren av laks og aure til USA. Det er ein veksande marknad som Hofseth gjerne vil selje meir fisk til.

– Butikkane i USA ser at det ikkje blir produsert meir laks, og samtidig blir prisane berre høgare og høgare. Eg er redd for at vi kjem i ein situasjon der dei dreiar seg mot andre marknad.

Roger Hofseth model World Heritage Salmon Foto Marius Rosbach
LANDBASERT: Roger Hofseth med ein modell av det landbaserte oppdrettsanlegget han vil bygge i Raudbergvika i Storfjorden. Foto: Marius Rosbach

– Komplisert og ekstremt provoserande
Også var det lakseskatten. Berre veker etter Hofseth og utviklingsselskapet Ovum hadde presentert nyheita om Egget-investeringa sommaren 2022, kom grunnrenteskatten for oppdrett på bordet.

Hofseth omtala det den gong som «eit sjokk» for næringa.

– Det er komplisert og ekstremt provoserande etter å brukt så mykje energi til å skape verdiar, seier han no om arbeidet med å finne ut av – og tilpasse seg konsekvensane.

Trur investeringsbremsen vil vare
Oppdrettsselskapa tenar framleis gode pengar, men har snurpa igjen pengesekken og lagt investeringar for titals milliardar på is. Det går i første rekke utover mange i leverandørkjeden.

– Eg trur ikkje investeringane kjem igjen før folk ser kor mykje dei må betale i skatt. Samtidig er det mykje restruktureringar i næringa, seier Hofseth.

Fleire har meint at investeringsbremsen kan vare ved fram til stortingsvalet 2025, og eit regjeringsskifte med påfølgjande endring i politikken.

– Det er triste greier. Og Møre og Romsdal vil ha det største problemet av alle, seier han.

Publisert: 18.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 18.11.2023 11:55

Mer om