Anders Riise geiranger Foto Per Krsitian Bratteng Møre og Romsdal fylkeskommune
FYLKESORDFØRER: Anders Riise frå Hareid er fylkesordførar i Møre og Romsdal den komande perioden. Han vil bidra til at fylke legger meir til rette for næringsverksemd. Foto: Per-Kristian Bratteng
Nytt

– Vi skal ha meir «ja-haldning»

Storsatsing på landbasert oppdrett er mellom prosjekta som kan oppleve ein fylkesordførar som vil legge til rette.

Marius Rosbach
21.10.2023

Høgres Anders Riise tok denne veka over ordførarkjede i Møre og Romsdal frå Line Hatmosø Hoem (Ap).

I løpet av måndag og tysdag konstituerte det nye fylkestinget seg, samtidig som det blei valt medlemmar i alle råd og utval som skal til for å ha på plass ei ny politisk leiing.

Riise nøler ikkje på spørsmål om kva han meiner vil vere viktig i arbeidet med næringsutvikling den komande perioden.

– Vi har ei uttalt haldning om at vi skal vere ein meir «ja-fylkeskommune». Det gjeld både arealforvaltning, motsegner og tempoet. Vi skal ha ei meir «ja-haldning» til tiltak som vert søkt om, seier Riise til NETT NO.

Vil meir ut og lytte
Sjølv om mykje av fylkeskommunen sitt arbeid er styrt av administrasjonen og organisasjonane, påpeiker Riise at det er politikarane som sett måla og lagar strategiane det skal jobbast etter.

Den nye fylkesordføraren vil også at politikarane skal kome meir ut blant næringslivet for å lytte.

– Eg vil at vi skal møtast meir på deira arenaer enn til no, seier Riise.

Høgre har støtte i fylkestinget frå Frp, KrF og Venstre for å sikre makta dei neste fire åra.

Fylkesutvalet mr 2023 2026
DET NYE FYLKESUTVALET: Frå venstre: Randi H. Walderhaug Frisvoll (KrF), Geir Ove Leite (Ap), Hans Olav Myklebust (Frp), Line Hatmosø Hoem (Ap), Geir Asle Stenseth (Frp), fylkesvaraordførar Anne Marie Fiksdal (Frp), fylkesordførar Anders Riise (H), Monica Molvær (H), Per Ivar Lied (Sp), Tove Henøen (Sp), Jonas Maas Nilsen (MDG), Marit Aklestad (SV) og Pål Farstad (V). Foto: Per-Kristian Bratteng

Vil seie ja til storprosjekt i Storfjorden
Den nye fylkesordføraren er ikkje redd for å vere konkret på korleis næringslivet vil merke ei uttalt «ja-haldning»

Den planlagde storsatsinga til Hofseth-konsernet i Raudbergvika på landbasert oppdrett, er eit prosjekt Riise meiner har venta lenge nok på ei avklaring.

– Så langt eg kjenner prosjektet, er eg veldig positiv. Det vil produsere meir fisk med lågare utslepp og mindre dødelegheit. Samla sett meiner eg dette vil vere veldig positivt, og det oppfyller mange av berekraftsmåla, påpeiker Riise.

– Det er ei vanvitig investering
Gjenbruk av areal som allereie er sett av til næring, er eit anna argument for at Riise meiner politikarane bør gi grønt lys.

Etter lang behandlingstid ligg det no an til at både fylkeskommunen og Fjord kommune snart får saka til endeleg avgjerd.

Sjølv om Roger Hofseth sjølv har lovprisa dei naturgitte føresetnadene som eksisterer ved det tidlegare gruveanlegget, påpeiker Riise at det også kan vere andre plassar – utanfor fylket – som kan vere aktuelle for ei slik utbygging.

– Det er ei vanvitig investering på 10 til 15 milliardar kroner. Om ikkje Møre og Romsdal heng med på notane, så kan ideen om eit slik anlegg gjerast andre plassar. Her må vi ikkje skusle vekk moglegheitene våre, seier Riise.

Roger Hofseth model World Heritage Salmon Foto Marius Rosbach
LANDBASERT OPPDRETT: Roger Hofseth med ein modell av korleis sjømatkonsernet kan drive landbasert oppdrett i fjellhallar ved Raudbergvika i Storfjorden. Foto: Marius Rosbach
Podium

E24/S2 Slik skal GATH styrke havbruksnæringa

Bekymra for leverandørindustrien til oppdrett
Den nye fylkesordføraren har nettopp lagt bak seg nokre hektiske månader med valkamp. Undervegs har dei fått med seg uro for auke skattetrykk og bekymring for konsekvensane av lakseskatten.

Sistenemnte har i løpet av det siste året ført til at leverandørane har hatt stopp i nye oppdrag til den norske delen av havbruksnæringa.

– Her i fylket er det fleire tilsette i leverandørindustrien, enn i sjølve havbruksnæringa. For Møre og Romsdal er det ein alvorleg situasjon som har oppstått, som råkar mange små og mellomstore bedrifter, seier Riise.

Kritisk til bruken av lakseskatt-pengane
Høgre-politikaren er kritisk til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, der han «ikkje finn spor» av grunnrenteskatten.

– Det vart kommunisert at dette var midlar som skulle gå tilbake til kysten, men no er det smurt utover til heile landet, seier Riise.

Han legg ikkje skjul på at havbruksnæringa har hatt – og framleis har sine utfordringar – men meiner dei har vist vilje til å handtere dei, både når det gjeld lus, sjukdomar og mindre bruk av antibiotika.

Meiner verfta bør få betre vilkår
Hareidsdølingen bur på ei øy der verftsindustrien har stått sterkt. Og han er tydeleg på at han meiner denne delen av den maritime industrien bør få meir draghjelp, enn den har fått til no.

– Verfta er motoren i den maritime klynga og må få betre vilkår. Då er det spesielt betre hjelp til finansiering vi snakkar om, seier Riise.

Han vil at støttemiddelapparatet i større grad må sikre at fartøy blir bygd langs norskekysten.

– Det ser veldig rart ut når norske styresmakter bidreg med garantiar til at båtar blir bygd i utlandet, legg han til..

Verfta er motoren i den maritime klynga og må få betre vilkår
Anders Riise


Anders Riise har langt meir på hjartet om næringsutvikling i fylket. Han trekk også fram følgjande viktige saker framover:

  • Reiseliv: Reiselivsnæringa er i ferd med å få til meir heilårsdrift og Riise trur skandinaviske land får ein boom som trygge reisemål. Han vil difor bidra til å bygge opp reiselivsnæringa.
  • Skatteaukar: Riise trekk fram auka skattetrykk på bedriftseigarar og påpeiker at utanlandske eigarar mellom anna slepp unna formuesskatt, medan mange norskeigde bedrifter blir tappa av skatteskjerpingane som har kome under Støre-regjeringa.
  • – Vi vil synleggjere konsekvensane av dette, seier Riise.
  • Samferdsel: Mange bedrifter peiker på behovet for betre infrastruktur både når det kjem til vegar og ferjer.
  • Riise påpeiker at dette blir viktig for den politiske posisjonen i fylket dei neste fire åra. Samtidig har fylket ein stram økonomi – og etterslepet til eksempel på fylkesvegane er enormt og anslått til kring 16,8 milliardar.
  • – For at gapet ikkje skal bli større, treng vi 250 millionar og har fått 40 millionar på neste års budsjett. Med andre ord manglar vi 210 millionar for å tette gapet, seier Riise.
  • Utanforskap: Den nye fylkesordføraren er godt nøgd med at Møre og Romsdal er på landstoppen i gjennomføring av vidaregåande skule, men er uroa for dei som fell utanfor arbeidslivet.
  • – Både næringslivet og kommunane treng hjelp til å få fleire folk i arbeid. Talet på folk som er i utanforskap må ned, og der ligg også ein stor arbeidsreserve, seier Riise

Publisert: 21.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.10.2023 23:35

Mer om