I mål med kjempeinvestering i lita bygd
Gigantiske kar og avansert teknologi gjer at fisken kan leve lengre på land.
Oppdrettsbransjen på Nordvestlandet har i fleire år hatt raudt lys for meir vekst som følgje av styresmaktene sitt trafikklyssystem for næringa. Postsmoltanlegget som Hofseth Aqua opna i Tafjord torsdag er eit ledd i det krevjande arbeidet med å kome i posisjon til å kunne auke produksjonen att.
– På denne måten kan vi redusere tida fisken er i sjøen, fortel konsernsjef Roger Hofseth til NETT NO medan han har omvising for politikarar, samarbeidspartnarar og andre gjestar på anlegget som skal handtere småaure frå yngel til storsmolt.
I staden for å kome i sjøen då smolten er 150 til 200 gram, kan fisken vere på land til dei er 500-700 gram. Produksjonsmetoden gjer ikkje berre at tida fisken er utsett for lus og andre sjukdomar blir redusert. Den er også langt meir robust når dei kjem i merdane og vil ha betre sjansar til å vekse seg feit.
Må i retten om endeleg prislapp
Investeringa på heile settefiskanlegget som har skjedd i to byggetrinn, er på drygt 600 millionar kroner, fortel Hofseth.
Den endelege prislappen er vel å merke ikkje klar, ettersom Hofseth og leverandøren Artec Aqua har blitt usamde undervegs og skal møtast i retten til våren.
Ingen av partane vil kommentere usemja til NETT NO, men både Roger Hofseth og Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik forsikrar at det er god tone mellom dei.
Store dimensjonar
Anlegget er delt opp i fleire avdelingar med kar alt etter storleiken på fisken.
Det siste byggetrinnet består at seks store kar med ein diameter på 18 meter og har allereie vore i bruk nokre månader. Fordi smolten nyleg er overført til merdar i sjøen, var dei tomme torsdag.
Sjølve kara er levert av Entec Brimer og nemnte Artec Aqua er totalleverandør av systemet som ved hjelp av utlufting av CO2 og temperatur for fisken, sikrar at vasskvaliteten er best mogleg.
Sett vekk frå jobben med Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Indre Harøy, er oppdraget for Hofseth mellom dei absolutt største Ålesund-selskapet har levert.
Kring 20 personar i arbeid
Hofseth-anlegget er det første som møter dei besøkande til bygda med færre enn 100 fastbuande. Dei fleste som jobbar her pendlar frå andre plassar.
– Vi har no kring 20 personar i jobb her og har fått fleire nye unge tilsette i det siste, fortel Hofseth.
Anlegget markerer slutten på det som er ei milliardinvestering for Hofseth i Storfjorden. I fjor skifta dei merdane på alle sjøanlegga og året før innførte dei automatisert fôring.
Roger Hofseth har planar om å investere langt meir i Storfjorden, og ventar no på behandlinga av søknaden om landbasert oppdrett i Raudbergvika.
Skattekritikk
Under opninga torsdag kunne ikkje Hofseth dy seg med å påpeike at utan formueskatten, så kunne konsernet investert meir i oppdretts- og foredlingsverksemda.
Eit reknestykke som var godkjent av revisoren, viste at berre Hofseth-konsernet i løpet av ein ti-årsperiode kunne investert 5,3 milliardar kroner meir, utan denne eigarskatten.
Som kjent har Hofseth starta aksjonen for norsk eigarskap saman med Knut Flakk, som jobbar for å fjerne skatten på arbeidande kapital.
– Eg håpar at politikarane gidd å høyre på oss, og trur at dei kjem til fornuft, sa han under opninga.
Også grunnrenteskatten var tema under Hofseth si opningstale og han påpeika at framleis ikkje veit korleis den vil slå ut i rekneskapen.
Publisert: 06.10.2023 12:47
Sist oppdatert: 31.12.2023 13:05