Investerer kring éin milliard i lukka oppdrett
Hofseth har kjøpt halvparten av aksjane i oppdrettssatsinga Egget.
Hofseth-gruppen kunne måndag sleppe nyheita at dei kjøper seg inn i prosjektet som har utvikla oppdrettsmerden kalla Egget.
Det kom fram i ei pressemelding og ei pressekonferanse ved Vestnes Fjordhotell.
Sjå pressekonferanse i opptak: (ekstern lenke)
Samla investering på éin milliard
Administrerande direktør Roger Hofseth i Hofseth og administrerende direktør Cato Lyngøy i Ovum presenterte dei vidare planane for prosjektet.
Gjennom oppkjøpet har Hofseth forplikta seg til å produsere fem fullskala egg med eit volum på 20.000 kubikkmeter. Oppkjøpet og utviklinga av anlegga har ei samla investeringsramme på kring éin milliard kroner.
Ferdig produsert vil kvart egg ha ein kostnad på om lag 100 millionar kroner. Til samanlikning kostar eit ope anlegg med samme volum cirka tre millionar kroner.
Les også
Då Hofseth sjølv tok ordet under pressekonferansen etterlyste han meir hjelp frå politikarane for å nå målet om ei fleiredobling av produksjonen i havbruk. Han meiner regjeringa jobbar for seint med å få på plass ordningar som kan kommersialisere lukka anlegg.
- Eg ser ikkje noko anna løysing enn å kunne produsere meir der vi allereie held til, sa Hofseth.
Det må gjerast i ein kombinasjon av både oppdrett på land og lukka anlegg, meiner han.
- På sikt håpar vi å konvertere delar av vår produksjon til lukka anlegg i dei områda vi held til i dag, la Hofseth til.
På sikt håpar vi å konvertere delar av vår produksjon til lukka anlegg
Snart klar til produksjon
Pilotversjonen av det lukka oppdrettsanlegget nylig blei sjøsett i Romsdalsfjorden, og er snart klart til produksjon.
Teknologien bak Egget er utvikla av selskapet Ovum – tidlegare Hauge Aqua Solutions. Prosjektet fekk tildelt seks utviklingsløyver i 2017, og det er desse løyvene som partnarane no skal realisere.
Pilot-egget som no er sjøsett i Romsdalsfjorden, er bygd av Herde Kompositt i Ølve sør for Bergen. Den gamle livbåtfabrikken har dreia komposittproduksjonen mot havbruk, og vil også vere aktuelle for oppdraget med å bygge dei neste egga.
Sjå pressekonferanse i opptak (ekstern lenke)
Vil fjerne sjukdom og lus
Målet med Egget-prosjektet er å fjerne dei største miljøutfordringane i norsk havbruksnæring – lakselus og rømt oppdrettslaks, heiter det i invitasjonen.
Roger Hofseth har også store planar om oppdrett på land i Raudbergvika, i tillegg til anlegga Hofseth-konsernet allereie har i sjøen. Han har óg vore ein uttalt tilhengar av lukka oppdrettsteknologi, samtidig som han ved fleire høve har peika på at kostnadene er høge.
Publisert: 05.09.2022 11:05
Sist oppdatert: 05.09.2022 19:36