Oddvar Bjørge Firmenich Bjørge Biomarin foto Ogne
NY START: Oddvar Bjørge hadde i mange år leiande roller i Firmenich Bjørge Biomarine og var aktiv i å utvikle klynga av biomarine bedrifter på Nordvestlandet - før han var med på å starte ei ny og raskt veksande bedrift i bransjen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Industri-comeback for Oddvar Bjørge

Seagems Norway - med Oddvar Bjørge i spissen - har gått frå null til 47 millionar inntekter på berre fire år.

01.07.2022

Bjørge var med på å bygge opp og utvikle Firmenich Bjørge Biomarine.

Oddvar Bjørge er fødd i 1952. Han kunne vore pensjonist idag, men valde heller gründerlivet. No byggjer han opp nykomaren Seagems Norway i høgt tempo.

Begge selskapa held til på Ellingsøya og lagar smak- og ernæringstilsettingar til matvareindustrien, basert på råstoff frå sjømatindustrien.

Firmenich Bjørge Biomarin vart etablert av far til Oddvar Bjørge, og seld til det sveitsiske Firmenich-konsernet i 2002 .
Oddvar Bjørge heldt fram i leiinga også etter salet og var styreleiar inntil 2015.

Ny start
Tre år etter Bjørge sa farvel til det tidlegare familiefirmaet var han i gang på nytt i same bransje, i Seagems Norway, som har fabrikk berre nokre kilometer unna Firmenich Bjørge Biomarin.

Det har gått kjapt oppover. Selskapet sysselsette i fjor 12 årsverk, og henta inn 37 millionar kroner i ny eigenkapital for å finansiere ytterlegare vekst.

Bjørge er både medgrunnleggar, største aksjonær - med 27,3 prosent av aksjane - og dagleg leiar.

Hofseth og Bjørge-familien
Ein annan sjømatinvestor frå Ellingsøya - Roger Hofseth - var allereie stor aksjonær før kapitalutvidinga.

Hofseth deltok også på kapitalutvidinga i fjor, og opprettheldt dermed sin eigarandelen nesten fullt ut. Hofseth-selskapet Finnvik Eiendom eig 17,15 prosent i Seagems Norway.

Styreleiar Jan Audun Dyreholt Bjørge eig 13,7 prosent i selskapet, styremedlem Jan Bjørge eig 10,9 prosent.

Til saman eig dei fire største aksjonærane 69,1 prosent av selskapet.

Grashoppepengar
Blant deltakarane i emisjon er selskapet Metapod. Det var eit selskap som skulle utvikle fiskefôr basert på oppdretta grashopper, grunnlagt av studentar på NTNU i Ålesund.

Selskapet fekk også lokale investorar med på laget, Toyota-forhandlar Espen Digernes i Ålesund og Molde-investor Sveinung Henden.

Oppdrettsnæringa var interessert, og Metapod fekk ein avtale med oppdrettsamarbeidet Salmon Group. Men selskapet lukkast ikkje i å få i gang produksjonen, og Salmon Group avslutta samarbeidet.

Heldigvis for Henden og Digernes var mesteparten av pengane dei skaut inn i Metapod framleis i selskapet då grashoppe-satsinga vart avblåst.

Dei kjøpte ut studentane, og investerte i Seagems Norway i staden, der Metapod no er eigar av 3,7 prosent av aksjane.

I tillegg er selskap Henden og Henden Fiskeindustri med på eigarsida etter kapitalutvidinga.

NETT NO har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Oddvar Bjørge.

Seagems Norway as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt47,731,8
Driftsresultat4,12,3
Resultat før skatt3,21,4
Firmenich Bjørge Biomarin as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt127,6140,5
Driftsresultat14,022,5
Resultat før skatt6,119,0

Publisert: 01.07.2022 10:43

Sist oppdatert: 01.07.2022 12:30

Mer om