Prodtex montasje Køyretøysperre illustrasjon statsbygg foto marius 22
KONKURS: Prodtex AS utvikla ein metode for lasersveising med robotar som mellom anna skaffa dei kontrakt på køyretøysperrer til regjeringskvartalet. Oppdraget enda med å velta selskapet. Foto: Marius Rosbach/Illustrasjon: Statsbygg
Nytt

Prodtex-tap blei del av kjemperekning

Prestisjeoppdrag enda med to misnøgde partar og at regjeringskvartalet blei nokre titals millionar kroner dyrare.

Marius Rosbach
13.11.2025

Oppdraget med å lage nyskapande køyretøysperrer til regjeringskvartalet starta som ei fjær i hatten, men enda som eit mareritt for Prodtex. 

I staden for å vere ein døropnar til ein ny marknad, enda oppdraget med kostnadssprekk, forseinkingar – og at heile selskapet velta. 

– Det er totalt sett veldig skuffande for oss at prosjektet med Statsbygg enda som det gjorde, skriv Sigbjørn Nordstrand til Nett No i ein epost på vegne at det tidlegare styret.

Saman med Tore Roppen utgjorde han leiarduoen i selskapet som sommaren 2023 kunne melde om prestisjekontrakten med sjølvaste Statsbygg. 

Fekk ekstrarekning på 78 millionar 
Statsbygg på si side fekk eit tap på drygt 78 milionar kroner. Summen blir ein liten del av rekninga på første byggetrinn av det statlege prosjektet i hovudstaden.

Kommunikasjonsleiar Pål Weiby ved Byggeherreavdelingen til Statsbygg opplyser til Nett No at rekneskapen ikkje er klart enno, men at summen gir eit korrekt bilde av meirkostnaden.. 

Han skriv vidare i ein e-post at alle sperrene no er levert, og at det går føre seg testing, justering og eventuell feilretting. 

Prodtex Sigbjørn Gjelsvik Sigbjørn Nordstrand foto Kommunal distriktsdepartementet
STATSRÅDBESØK: Nyheita frå Statsbygg om kontrakten med Prodtex, blei slept samtidig som dåverande kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (t.v.) besøkte Prodtex-sjef Sigbjørn Nordstrand i Ulsteinvik. Foto: Kommunal- og distriktsdepartementet.

Statsbygg-krav utløysande for konkursen
Pengane gjekk tapt som følgje av konkursen i selskapet Prodtex AS. Bubehandlinga for selskapet blei nyleg avslutta, men det er starta ny drift i eit nytt selskap. 

Eit erstatningskrav på dei 78 millionane frå Statsbygg var den utløysande årsaka til at selskapet melde oppbod. 

Grunnlaget for kravet var ekstrautgifter med finne ein alternativ leverandør då det blei klart at Prodtex ikkje kunne levere i tråd med avtalen.

Prodtex statut regjeringskvartalet illustrasjon
REGJERINGSKVARTALET: Sperrer frå Prodtex skulle trekkast ned i terrenget for å sleppe fram køyretøy. Sommaren 2023 var selskapet i gong med å levere sine første sperrer, men produksjonen stoppa opp. Til høgre skjermfoto frå krasjtest i Sverige. Foto: Prodtex/Statsbygg

Selskapet var «svært skuffa» 
Då konkursen var eit faktum i april 2025 skreiv Prodtex-styret at selskapet ikkje hadde noko forståing for kravet, og at dei var «svært skuffa over Statsbygg si handtering» av saka. 

Statsbygg har tidlegare opplyst at dei blei sett i ein vanskeleg situasjon mellom anna fordi innfestingar til sperrene allereie var støypt ned i grunnen. 

I alt skulle Prodtex levere 57 køyretøysperrer som skulle sikre prestisjebygget i Oslo.

Det blei gjort som ei utviklingskontrakt, men selskapet hamna bakpå og var ikkje i stand til å fullføre oppdraget til avtalt pris.

Statsbygg svært misnøgd
Nett No har bedt om innsyn i fleire dokument i saka som viser korleis Statsbygg i løpet av fjoråret fekk fleire varslar om at arbeidet var forseinka. 

I erstatningskravet og det påfølgjande varselet om heving av avtalen kjem det fram at Statsbygg var svært misnøgd med korleis situasjonen utvikla seg. 

Dei likte dårleg den finansielle orienteringa dei fekk frå Prodtex. 

«Gitt den finansielle situasjon Prodtex selv har beskrevet finner Statsbygg grunn til å stille spørsmål ved styret og ledelsens håndtering av selskapets økonomiske situasjon», skriv Statsbygg i erstatningskravet.

Konklusjonen på saka var at avtalen blei heva og erstatningskravet blei ståande. 

Var ikkje aktuelt å hjelpe finansielt
Prodtex varsla allereie i fjor sommar at dei hadde behov for refinansiering for å unngå konkurs. Bakgrunnen var mellom anna konkursen i dotterselskapet Prodtex Industri i juni 2024. 

På det tidspunktet blei arbeidet med køyretøysperrene sett på vent. 

For å fullføre oppdraget og få dekka kostnadene bad Prodtex om ei tilleggsbetaling på drygt 14 millionar kroner. Det høyrer med til historia at Prodtex også inngjekk ein avtale med Ulmatec og eit anna selskap som skulle sikre leveringane.  

Statsbygg gjorde det klart at det ikkje var aktuelt å hjelpe selskapet finansielt. Det blei også vist til at regelverket kring offentlege innkjøp og statsstøtte gjer at det var avgrensa moglegheiter for Statsbygg å gjere endringar i avtalen.

– Dessverre var det ingen vilje
I dag fortel den tidlegare Prodtex-leiinga at samarbeidet med Statsbygg fungerte bra i utviklingsfasen og at det blei inngått avtale om leveranse av 57 sperrer – med opsjon på 33 til. 

Etter dei 12 første sperrene vart levert, blei det klart at produksjonen blei vesentleg dyrare enn venta, og selskapet såg inn anna utveg enn å med om reforhandling med Statsbygg. 

– Dessverre var det ingen vilje til å vere med på ei endring av kontrakt, skriv Sigbjørn Nordstrand i ei e-post til Nett No. 

Publisert: 13.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 12.11.2025 18:13

Mer om