Samskip godstransport innfelt sverre andreas farstad 11
FRIKJENT FRÅ ERSTATNINGSKRAV: Spedisjonsselskapet der Sverre Andreas Farstad er styreleiar har fått medhald i rettsapparatet etter at ein fiskelast på eit Samskip-fartøy blei øydelagd. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Punktum for fiskelast-strid

Tyrholm & Farstad-frikjenning rettskraftig.

30.11.2023

Både tingretten og lagmannsretten gav Tyrholm & Farstad medhald i striden med Tryg Forsikring om ansvaret for ein illeluktande fiskelast.

No har ankeutvalet i Høgsterett avvist anken frå Tryg Forsikring og dommen i lagmannsretten er dermed rettskraftig.

Kontainer med klippfisk
Tryg Forsikring kravde 135.357,99 Euro - omlag 1,5 millionar kroner i erstatning frå spedisjonsselskapet Tyrholm & Farstad etter at ein kontainer med klippfisk frå Gustav Stokke til ein kunde Portugal i 2020 vart forureina undervegs.

Det viste seg at lasten vart forureina av styren, som kom frå ein duk av lin og polyester, som hadde vore konteineren ved førre transport. Partane er samde om at styren kom inn i kjøleaggregatet og vart frigjort etter at det vart starta opp.

- Hovudspørsmålet er om det er transportøren Samskip som er ansvarleg, eller om Tyrholm & Farstad kan definerast som ansvarleg transportør. Tyrholm & Farstad meiner at dei berre har formidla transport, som speditør, og at det ikkje er grunnlag for ansvar mot dei, sa Tyrholm & Farstad sin advokat Andres Svinø før første runde i retten.

Luktfri
Retten konkluderer med at konteineren ikkje var merka med at den hadde vore brukt til kjemisk last, at den vart vaska før bruk og at den etterpå var luktfri.

"Retten kan ikke se at det ut i fra de opplysningene som forelå på daværende tidspunkt om
den tidligere lasten er grunnlag for å si at TF burde ha handlet annerledes.", heitte det i dommen i tingretten.

Publisert: 30.11.2023 09:15

Sist oppdatert: 30.11.2023 09:16