Refsar miljoeroersla for ikkje aa vurdere atomkraft
MYKJE ENERGI: Kjernefysikar Sunniva Rose veksla mellom å vise til teori og korleis kjernekrafta har vore nytta. Energien frå norsk thorium er anslått å vere manga gangar høgare enn all norsk olje og gass til saman, men Rose åtvarar mot å overføre storleiksforholdet direkte til økonomi.
Nytt

Refsar miljørørsla for ikkje å vurdere atomkraft

– Kjernekraft er den største kjelda til utsleppsfri energi vi har i verda i dag, seier kjernefysikar Sunniva Rose og meiner Norge bør vurdere å kombinere vasskraft og atomkraft. 

Marius Rosbach
06.09.2019

Kraftselskapet Tussa hadde invitert kjernefysikar Sunniva Rose til energikonferansen torsdag for å snakke om kjernekraft. Ho meiner atomkrafta må inn som ein del av det grøne skiftet.

– Kjernekraft er den største kjelda til utsleppsfri energi vi har i verda i dag, påpeiker ho.

Under innlegget stilte ho spørsmål ved om det er mogleg å kombinere vasskraft og kjernekraft her til lands.

– Kanskje kan vi i framtida selje den reine vasskrafta til ein høgare pris, og ha kjernekraft som basis, sa Rose.

Kritisk til miljørørsla
Rose er kritisk til at storparten av miljørørsla meiner atomkraft er heilt uaktuelt. Ho viser mellom anna til at FNs klimapanel peiker på kjernekraft som ein del av løysinga.

– Då har eg vanskeleg med å tru på at dei verkeleg tek klimautfordringane på alvor. Eg synest det er rart å seie at vi har dårleg tid og må lytte til FNs klimapanel - og samtidig meine at det ikkje er så nøye kva klimapanelet seier om atomkraft, seier ho til NETT NO.

– Det blir useriøst å plukke vekk nokre enkeltdelar av bodskapen slik, legg ho til.

Meir frå energikonferansen:

Varslar gulrot og pisk for næringslivet

Kan sikre seg grøn og rimeleg kraft

Kan redusere avfall med thorium
Rose har doktorgrad i kjerne- og energifysikk frå Universitetet i Oslo, og har forska på korleis mengda med radioaktivt avfall kan reduserast ved bruk av thorium. Ein av dei store fordelane ved å nytte dette grunnstoffet som utgangspunkt for spalteprosessen, er at ein kan redusere mengda avfall med heile 95 prosent – og samtidig halvere forbruket av uran.

– Då nyttar vi uranet smartare og gjer atomkrafta meir berekraftig, seier Rose.

Ei periode var det mykje snakk om korleis Norge kunne nytte thorium, men dei siste åra har det vore lite merksemd om energipotensialet som ligg i desse ressursane. Rose påpeiker at thoriumressursane her til lands ikkje er skikkeleg undersøkt, for å finne ut kor mykje det eigentleg er snakk om, og kor tilgjengeleg den er.

– Det vi baserer oss på, er overflatemålingar av gammastråling frå 1960- og 70-talet. Eg meiner vi burde undersøke dette nærare, seier Rose.

India er mellom få land som har meir thorium enn Norge, og der er grunnstoffet lettare tilgjengeleg.

– Det er i Asia ein vil sjå størst utvikling framover, og dei jobbar ein en god del med thorium i Kina og India. Kina har sagt at dei ville sette inn mykje ressursar på å bygge slike type reaktorar.

Tok oppgjer med myter
Kjernefysikaren har vore med på fleire NRK-produksjonar, som radioprogrammet Abels Tårn og tv-programmet Big Bang. Under foredraget tok ho også eit oppgjer med mange av mytane kring atomkraft og stråling. Ho viste mellom anna til reaksjonane etter Fukushima-ulukka i Japan, då norske journalistar reiste heim

– Ingen døde, eller kjem til å døy som følgje av stråling frå Fukushima, sa Rose og viste til at nordmenn til dømes vert utsett for meir radioaktiv stråling kvart år, enn nivået som var i Japan etter ulukka.

Stråling frå kraftverk har vore ein frykt mellom mange, men Rose hadde ikkje hatt noko problem med å vere nabo til eit kjernekraftverk. Ho påpeiker at det kjem høgare stråledose frå kolkraftverk, som slepp ut radioaktive stoffar til atmosfæren.

– Ei anna myte er at det ikkje er mogleg å handtere avfallet. Det stemmer ikkje. Det kan også lagrast og vere ein ressurs i framtida, fortalde ho.

Les også:

Meiner kolet ikkje har utspelt si rolle

Startar bygging av nytt kraftverk

Ber investorane setje pengane i fornybar energi


Eg synest det er rart å seie at vi har dårleg tid og må lytte til FNs klimapanel - og samtidig meine at det ikkje er så nøye kva klimapanelet seier om atomkraft

Publisert: 06.09.2019 11:10

Sist oppdatert: 04.03.2022 12:37

Mer om