Coast Seafood i millionstrid 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MÅLØY: Nye rekordar for Sverre Søraa og Coast Seafood. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordomsetning og rekordresultat

Aldri før har Coast Seafood tent meir pengar. Ein aktør meiner at Måløy-selskapet har tent vel mykje.

16.08.2021

Coast Seafood-konsernet omsette i fjor sjømat for over 5,3 milliardar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på 136,5 millionar kroner. Begge deler er nye rekordar.

Morselskapet i Måløy omsette for 4,6 milliardar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 123,4 millionar kroner.

Dette går fram av årsrekneskapen, som no er klar.

(saka held fram etter tabellen)

Coast Seafood (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 5366,4 5223,8
Driftsresultat 114,3 92,6
Resultat før skatt 136,5 100,3

Møtest i retten
Coast Seafood er i ein oppheita strid med Blom gruppen i Hordaland, ein strid som har hamna i rettssystemet. Selskapa har hatt ein avtale frå 2014 om at Coast Seafood skal kjøpe all fisken frå Blom Fiskeoppdrett. Coast Seafood var då medeigar i Blom Fiskeoppdrett, ein eigardel som i 2016 vart auka til 34 prosent.

Men i fjor haust stoppa Blom Fiskeoppdrett å levere fisk til Coast Seafood og skulda Coast Seafood for å ha betalt underpris for fisken, skuldingar Coast Seafood avviste. Coast krev at Blom skal byrje på levere laks igjen, og i tillegg krev Coast Seafood erstatning for manglande leveransar. Den konflikten er ikkje avgjort i retten enno.

Strid om styremedlemar
Det sentrale stridsspørsmålet skal behandlast i ein valdgiftsrett, men partane har undervegs deler av konflikten inn for rettsystemet. Blant anna har Coast Seafood stevna Blom Gruppen og styremedlemane der etter at Blom Gruppen innleia eit samarbeid med Firda Seafood Group.

Hordaland tingrett har i ein kjennelse mellombels nekta lakseoppdrettar Ola Braanaas plass i styret i oppdrettsselskapet Blom Fiskeoppdrett. Braanaas eig og driv oppdrettselskapet Firda Seafood Group.

Coast Seafood skriv i årsmeldinga at ein forventar dom i striden i første halvår 2022.

Datasenter-gevinst
Coast Seafood har ei rekke dotterselskap, blant anna Coast Invest som i fjor tente 27,8 millionar kroner. 16,2 millionar av dette kom frå aksjegevinst ved sal av aksjar i Lefdal Marine Datacenter.

Coast Invest eig også Oslo Seafood & Cargo Center på Gardermoen, som på sin side hadde eit resultat på minus 1,5 millionar i fjor.

Dotterselskapet Måløy Seafood gjekk 2,1 millionar kroner i minus, Coast Seafood USA gjekk 2,7 millionar i pluss, medan 51 prosent eigde Coast Troms hadde ei resultat på 6,0 millionar kroner.

Kjøpte Sotra Fiskeindustri
Det tilknytta selskapet Sotra Fiskeindustri gjorde det endå betre, med eit resultat på 16,7 millionar, og der Coast Seafood i mars i år kjøpte alle aksjane.

Coast Seafood-konsernet har totalt 140 tilsette, der 47 arbeider i morselskapet.

Selsakpet er eigd av Sverre Søraa og Martin Øvrebø, eit selskap som har ein samla eigenkapital på 644 millionar kroner og i praksis ikkje langsiktig gjeld.

Publisert: 16.08.2021 05:50

Sist oppdatert: 16.08.2021 07:35

Mer om