Tine Karin Heggdal Brungot foto Ogne
VEKSTMARKNAD: Tømmerbilsjåfør Tine Karin Hegdal Brungot fortalde nyleg til NETT NO at dei har godt med oppdrag framover. Tømmerlasta bak henne er frå eigen skog som bestefaren fekk planta. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordår for skogbruket

Norske skogeigarar har aldri selt meir tømmer til industrien enn i fjor.

NPK
28.02.2022

(NPK): Fjoråret var eit rekordår for skognæringa, og det ser lovande ut også for 2022.

− Det er fleire element i marknaden som vi enno ikkje veit effektane av, men pilene peikar definitivt ikkje nedover, seier salssjef Heidi Bålerud i Viken Skog på nettsidene deira.

Viken Skog er eit skogeigarsamvirke for i underkant av 10.000 andelseigarar i Viken, Vestfold og Telemark og Innlandet.

Selde rekordmykje tømmer
Norske skogeigarar selde til saman rekordhøge 11,6 millionar kubikkmeter tømmer til industriføremål i 2021, viser tal frå Landbruksdirektoratet. Det er 3,5 prosent meir enn førre rekord frå 2019. Bruttoverdien for skogeigarane var på over 5,4 milliardar kroner.

Ei rekkje faktorar både innanlands og i utlandet påverkar tømmermarknaden, til dømes nemner Viken Skog invasjonen i Ukraina, pandemisituasjonen, fraktkostnader og lønnsoppgjeret. Men Bålerud meiner det er all grunn til å vere optimistisk.

– Det er bra fart i alle marknadane. Det er god etterspørsel etter massevirke, stor etterspørsel etter sagtømmer og enorm etterspørsel etter energivyrke. I USA er no trelastprisane tilbake på eit høgt nivå igjen etter eit kraftig fall i fjor haust. Prisane på tremasse, papir og kartong er også svært gode. I tillegg har prisane på pellet og bioenergi verkeleg skote i vêret, noko som først og fremst kjem av dei høge prisane på gass og elektrisitet i Europa, fortel ho.

Eksportrekord
Eksporten av norsk tømmer har auka, og eksportselskapet Viken AT Market hadde eit rekordår i fjor.

− Vi ser heilt klart at norsk tømmer stadig blir meir attraktivt ute i Europa, og vi forventar framleis sterk etterspørsel frå internasjonale kundar, fortel Håkon Myhra i Viken AT Market.

På den andre sida har fraktkostnadane auka i takt med oljeprisane og i tillegg har høge råvareprisar ført til auka handel og press på skipskapasiteten.

Korona-oppussing
På den innanlandske marknaden auka etterspurnaden kraftig under koronapandemien.

– Koronapandemien gjorde at langt færre enn før brukte pengane på å reise, dei valde heller å kjøpe trelast for å pusse opp heime og på hytta. Trelastmarknaden gjekk til himmels. Gjer det sjølv-marknaden begynner for fullt no om våren, men det er usikkert kor mykje oppussing som står att, for å seie det slik. Koronapandemien ser ut til å vere over, sjølv om vi ikkje kan vere heilt sikre på det. Det ligg i alle fall an til at fleire brukar pengane på dyre sydenturar, i sterk motsetning til korleis det var i 2020 og 2021, seier Bålerud.

AT Skog er skogeigarsamvirke for skogeigarar i Telemark, Agder, Rogaland og Vestland.

Marknads- og logistikksjef Hans Erik Røra i AT Skog fortel at salet av trelast stoppa opp i haust, og inn mot jul var det bekymring hjå sagbruka knytt til rask lageroppbygging av trelast. Trelastprisane vart redusert ein del frå toppnivået, men er framleis på eit høgt nivå.

– Det ser ut til at salet på trelast er i gang igjen og at sagbruksbransjen er optimistiske med tanke på salet framover. Produksjonen går for fullt hjå sagbruka, og AT Skog opplever auka etterspørsel etter sagtømmer, også i eksportmarknaden, etter at det var meir stille frå den kanten i haust, seier Røra.

Høge straumprisar fører også til stor etterspurnad etter ved og etter flis til fjernvarmeanlegg.

(©NPK)

Publisert: 28.02.2022 11:23

Sist oppdatert: 28.02.2022 11:29

Mer om