Hotel union tilsette utmerking foto hotel union øye på facebook 111
PRESTISJEKJEDE: Hotelldirektør Mariann Øye saman med dei tilsette og beviset på at Hotel Union Øye er medlem i den eksklusive Relais & Châteaux-kjeda. Foto: Hotel Union Øye
Nytt

– Rekrutteringa går på sett og vis vegen

Tap i byggeåret, men Hotel Union Øye-direktøren ser framover – og jaktar fleire fagfolk.

Marius Rosbach
15.07.2022

Fjoråret ga underskot for Hotel Union Øye, viser rekneskapen som no er klart (sjå tabell under).

Det er likevel lite interessant ettersom hotellet var stengt store delar av året, i samband med utbygginga som har gått føre seg dei siste to åra.

Stor pågang
I desse dagar har hotelldirektør Mariann Øye og resten av staben kring ein månads erfaring med nyopna hotell.

Det har vore ein hektisk periode med innspurt før opninga – og pågangen etterpå ved det tradisjonsrike hotellet har vore stor. Likevel er det framleis ledig kapasitet utover sommaren.

– No må berre SAS slutte å streike – og Yr hjelpe oss med litt betre meldingar, så får vi fyllt opp resten av roma våre, seier Øye til NETT NO.

Hotel Union Øye

Tal i mill. kroner
2021
2020

Driftsinntekt

14

15,8

Driftsresultat
-1,9
-1,7
Resultat før skatt
-3,5
-2,6
Vi har vore heldige som har fått på plass ein god stab
Mariann Øye

– Framleis rom for fleire heilårstilsette
Noko av det mest spennande med å drive hotell om dagen, er korvidt ein får tak på arbeidskraft.

Då NETT NO snakka med hotelldirektøren kort tid før opning, ønska ho seg framleis 12 nye tilsette.

– Vi har vore heldige som har fått på plass ein god stab, så rekrutteringa går på sett og vis vegen. Men vi har framleis rom for fleire heilårstilsette – og ikkje minst personar med høgare fagleg kompetanse eller utdanning, legg ho til.

Bygger bustader for tilsette
Hotelldirektøren har tidlegare fortald til NETT NO korleis hotellsatsinga også er eit slags bygdeutviklingsprosjekt, der målet er fleire tilflyttarar til bygda.

Nokre familiar har allereie flytta til bygda, men for å lokke til seg fleire, blir det også investert i nye bustader for tilsette.

– Vi er i gong med meir ja, og vi reknar med spaden kjem i jorda i august, fortel Øye.

(saka held fram under)
Hotel Union Øye montasje Mariann Øye foto Hotel Union Øye Johanne Nyborg 11
BETYDELEG UTVIDA: I tillegg til fleire nye rom og suiter kan hotelldirektør Mariann Øye ønske gjestane velkomne til eit nytt konferanse/festlokale med glastak i «bakgården». Foto: Hotel Union Øye/Johanne Nyborg

Heilårsdrift og betydeleg utvida
I tillegg til ein moderne og godt tilrettelagt arbeidsplass, kan no hotellet lokke medarbeidarar med at dei er medlem i den eksklusive Relais & Châteaux-kjeda.

Gjestane kan sjekke inn på eit hotell med heilårsdrift og betydeleg fleire rom og suiter. I tillegg er det bygd fleire nye fellesbygg og nytt konferanse/festlokale med glastak i «bakgården».

Storfjord-utviding står for tur
Flakk-familien har investert kring 250 millionar kroner i å utvide det herskapelege trehotellet frå 1891. Konsernet eig også Brosundet Hotel i Ålesund, der kring 200 millionar var investert for få år sidan.

Etter årets sesong står ei utviding på Storfjord Hotel på Glomset for tur.

Knut Flakk fortalde til nyleg NETT NO at dei rekna med at hotellet vart stengt i halvanna år, og at dei opnar eit nytt og større Storfjorden-hotell i 2025.

Publisert: 15.07.2022 14:01

Sist oppdatert: 15.07.2022 22:25

Mer om