Stig remøy kleven desember 2020 foto marius 11
NY PÅ KAPITAL-LISTE: Herøy-reiar Stig Remøy er mellom nykommarane på finansmagasinet si liste over nordmenn med størst formue. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Remøy og Haagensen nye på rikingliste

Ei rekke namn frå Nordvestlandet på Kapital si årlege rangering.

23.09.2022

På årets liste frå Kapital over dei 400 rikaste personane i landet, er ei rekke bedriftseigarar og næringslivstoppar frå Nordvestlandet.

Ifølgje finansmagasinet oversikt er det no 444 milliardærar i landet – og rikast av dei alle er John Fredriksen.

Herøy-reiar Stig Remøy er mellom nykommarane med ei formue på 3,5 miliardar. Det plasserer Olympic-eigaren på 119. plass. Remøy ønska ikkje å stille til intervju med Kapital, men sende følgjande uttale til tidsskriftet:

«Suksess varer ikke evig, liksom en fiasko sjelden er endelig. Det er motet til å fortsette som virkelig teller».

Ny på lista er også Ottar Vartdal på 312. plass. Ørstingen som selde livsverket Vartdal-gruppa i fjor, har ei formue på 1,5 milliardar, ifølgje rangeringa.

Vurderer marknadsverdien
Kapital vurderer marknadsverdien av det dei som står på liste eig, og presenterer lista mellom anna som eit korrektiv til tala i dei årlege skattelistene.

Når det er snakk om familiar, blir formua plassert hos den Kapital meiner bestemmer - uavhengig av det formelle eigarskapet.

Eksempel på dette er Per Sævik på 58. plass med 6,4 milliardar, Knut Flakk på 176. plass med 2,6 milliardar og Bjarne Haagensen på 190. plass med 2,4 milliardar kroner i formue.

Den 90-årige ålesundaren blir også trekt fram som årets eldste nykommar, men har vore inne på lista tidlegare.

Røkke rikast i nordvest

Aker-eigar Kjell Inge Røkke på 7. plass er regionens rikaste med 45,3 milliardar i formue. Romsdalingen auka formuen med kring ein firedel siste året og klatrar ein plass på lista.

Bjørn Rune Gjelsten er på 13. plass med 19,5 milliardar i formue. Lars Wenaas er på 16. plass med 15 milliardar og Olav Nils Sunde på 48. plass med 7,1 milliardar.

Brønnbåtreiar klatrar 17. plassar
Formuen til brønnbåtreiar Odd Einar Sandøy i Rostein auka med kring ein tredel i fjor til 4,6 milliardar. Sandøy er på 88. plass – opp 17. plassar frå i fjor. Roger Halsebakk i Sølvtrans-reiarlaget er på plass 176 med 2,6 milliardar i formue – omtrent uendra frå året før.

Rune Stokke er på 156. plass med 2,85 milliardar og Sunde-eigar Karl Johan Sunde er på 198. plass med 2,4 milliardar i formue.

Vidare på lista finn vi Anders Pedersen i Fjordlaks på 227. plass med 2,05 milliardar. Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt og Nils Wenaas delar 256. plassen med 1,85 milliardar i formue kvar.

Sula-grossisten Hans Joakim Giørtz kjem på 346. plass med ei formue på 1,4 milliardar.

Ser du nokon fleire frå Nordvestlandet på lista? Send gjerne eit tips til redaksjonen

Publisert: 23.09.2022 10:31

Sist oppdatert: 01.01.2023 13:58

Mer om