Jonas gahr støre besøk spilka foto marius 11
VIL VURDERE ENDRING: Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre synest flytting med formål å spare skatt, er ugreitt og stadfestar at Ap vil sjå på ei endring i reglane. Her under eit bedriftsbesøk i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Openbert at det er delar av dette systemet som ikkje fungerer

Støre meiner det er ugreitt at rikfolk flyttar for å spare skatt.

13.09.2022

(NPK-NTB): – Ideen om å flytte frå Noreg for å sleppe skatt, det meiner eg er ugreitt, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Det vekte mange reaksjonar då det måndag vart kjend at forretningsmannen Kjell Inge Røkke flyttar til Lugano i Sveits.

Ein del av samfunnskontrakten
Støre seier grunnhaldninga hans er at folk må velje å bu kvar dei vil. Han kommenterer ikkje Røkke konkret, og han understrekar at folk kan ha ulike grunngivingar for å flytte.

– Men generelt: Ideen om å flytte frå Noreg for å sleppe skatt, det meiner eg er ugreitt, seier Støre til NTB.

Han påpeikar at verdiskaping også heng saman med skatt og at det er ein del av samfunnskontrakten vi har.

– Noreg er eit av dei landa i verda med best moglegheit for å drive næringsverksemd. Vi har store naturressursar, vi har veldig flinke fagfolk. Har du skapt store verdiar, er det også rimeleg at du er med på det spleiselaget som skattesystemet bidreg til, seier han.

Blåser liv i skattediskusjon
Utflyttinga har blåse liv i debatten om korleis aksjesal blir skattlagt. I dag er reglane slik at ein ikkje betaler skatt på kapitalgevinst frå aksjar etter å ha budd fem år i utlandet.

Ap-representant Hadia Tajik sa måndag at Arbeidarpartiet vurderer å endre reglane. Støre stadfestar at det kan bli aktuelt.

– Dette er eit tema vi må sjå på. Det er openbert at det er delar av dette systemet som ikkje fungerer slik det burde, seier Støre.

(©NPK)

Publisert: 13.09.2022 15:22

Sist oppdatert: 13.09.2022 15:34

Mer om