Vetle wang solheim innfelt per vidar kjølmoen foto marius 11
USAMDE OM FORMUESKATT: Vetle Wang Soleim (H) er provosert av korleis Per Vidar Kjølmoen (Ap) omtalar partiet si haldning til formueskatt. – Her forsøker han å sno seg unna sitt eige parti sin politikk, seier Soleim. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Useriøst av Kjølmoen om formueskatt

Vetle Wang Soleim (H) meiner Ap-topp ikkje snakkar sant når han hevdar partiet kan vere villige til å sjå på arbeidande kapital.

Marius Rosbach
02.09.2021

Høgrepolitikar Vetle Wang Soleim frå Ålesund reagerer på Per Vidar Kjølmoen (Ap) sine kommentarar om formueskatt i eit NETT NO-intervju måndag.

– Det er direkte usant og det mest useriøse eg har sett frå Kjølmoen så langt i valkampen. Her forsøker han å sno seg unna sitt eige parti sin politikk, seier Soleim til NETT NO.

– I den grad Arbeiderpartiet vil sjå på arbeidande kapital, så er det ved å auka skattlegginga, legg han til.

Vil senke verdifastsettinga til null
Soleim viser til Ap sitt siste alternative statsbudsjett. Då gjekk partiet mellom anna inn for å auke verdifastsettinga av næringseigedom og aksjar til 80 prosent.

– Høgre går i staden til val på at vi vil senke verdifastsettinga til null i løpet av fire år. Spesielt no når mange er råka av koronapandemien, meiner vi eigarane skal sleppe å betale skatt for midlar dei har investert og bygd opp i bedrifta, seier han.

I same artikkel som Kjølmoen blei intervjua, fortalde Marin Teknikk-eigaren korleis han måtte tappe bedrifta i underskotsår, for å betale formueskatt og ha noko å leve av. Med Ap sitt forslag til auke i den personlege formueskatten, blir rekninga dobla.

Viser til avtale i skatteforliket
I NETT NO-intervjuet sa Per Vidar Kjølmoen at han hadde teke opp spørsmålet internt i partiet om moglegheitene for å halde ute arbeidande kapital i berekninga av formueskatten.

Tilbakemeldinga var at det var vanskeleg å finne eit fornuftig skilje.

– Det var nettopp det skilje vi blei samde om i skatteforliket i 2016, saman med Arbeidepartiet. Då blei mellom anna verdifastsettinga på aksjar og grunnverdiar, sett ned frå 100 til 80 prosent, kommenterer Soleim.

Vil framleis skattlegge luksusforbruk
Høgre-politikaren som vore på Stortinget sidan 2017, påpeiker at partiet ikkje er i mot at ein må skatte av utbytte til luksusforbruk.

– Vi har forstått at eit auka skattetrykk øydelegg for verdiskapinga, men det har ikkje Arbeiderpartiet. Jo meir pengar som blir att i bedriftene, jo meir pengar blir det att til å skape fleire nye jobbar, avsluttar Soleim.

Ap med vekstplan for Møre og Romsdal
NETT NO har spurt om Per Vidar Kjølmoen vil kommentere påstandane frå Soleim om at han er «useriøs» og ikkje snakkar sant.

- At Høgre ikkje har klart å fjerne skatt på arbeidande kapital sjølv om de har hatt makta i åtte år, viser at partiet sjølv har store problem med å finne eit fornuftig skilje, eller så er dei usedvanleg tafatte, skriv Ap-toppen i ein e-post.

Han meiner utviklinga med fallande eksport og «tapte moglegheiter for industrien», gjer at det er på tide med eit regjeringsskifte.

– Arbeiderpartiet går til val på ein egen vekstplan for Møre og Romsdal med 67 konkrete punkt, som vi vil gjennomføre om vi får tillit, legg Kjølmoen til.

Publisert: 02.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 02.09.2021 08:57

Mer om