Giek wenche nistad garantier montasje foto giek 11
GARANTIAR: GIEK-direktør Wenche Nistad fekk store tap knytt til tidlegare garantiar til offshorereiarlag. Kartet viser kor mykje fylka i Sør-Norge fekk i nye garantiar i fjor. Foto: GIEK
Nytt

Rykte ned på garantilista frå GIEK

Gav langt mindre garantiar til Møre og Romsdal i fjor – og fekk store tap i offshore.

Marius Rosbach
25.03.2021

Årsrapporten til GIEK viser at Møre og Romsdal, saman med Vestland, fekk langt mindre nye garantiar frå det statlege eksportapparatet i fjor. Samtidig er størstedelen av tapa til det statlege instituttet, innan offshorereiarlag.

Bedrifter i Møre og Romsdal har dei siste åra vore mellom fylka som har fått mest i nye garantiar frå GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt).

I fjor rykte fylket nedover lista og enda opp på 4. plass med 1,4 milliardar kroner i garantiar, viser årsrapporten frå GIEK. Prosjekt som fekk støtte i fjor var i hovudsak fiske- og brønnbåtar i tillegg til skipsbygging og utstyr.

(sjå garantiar til alle fylka under)

Året før var bilde eit anna med fleire cruise og ferjeprosjekt, som gjorde at Møre og Romsdal fekk heile 9,4 mrd. i nye garantiar i 2019. Koronaåret førte som kjent til full stopp for bestillingar av nye skip i dei fleste marknader.

Kombinasjonen av pandemi og lågare oljepris svekte marknadene for leverandørar til olje- og gassektoren ytterlegare i 2020.

Misleghald frå offshorereiarlag
Rekneskapen til GIEK enda i fjor med 11,4 milliardar kroner i underskot etter tapsavsetjingar og nedskrivingar. Mykje av årsaka er å finne i betydelege tapsavsetjingar knytt til uteståande garantiansvar innanfor offshore servicebransjen.

«Eksponeringen mot offshore rederiene står for mesteparten av GIEKs utestående fordringer og bransjen utgjør hoveddelen av den misligholdte porteføljen», heiter det i årsrapporten (lenke til pdf).

Dagens Næringsliv skriv at underskotet hovudsakleg kjem av ei dobling av tapsavsetjingane, frå 10 milliardar til 19,9 milliardar kroner. Nedskrivingar tyngde òg, mellom anna med eit realisert tap på 2,5 milliardar kroner.

Havvind på opptur
Mest støtte i 2020 fekk Rogaland fylke med drygt 4,1 milliardar. Her gjekk mest av garantiane til vindkraft og olje- og gass.

Giek opplyser at nesten halvparten av alle nye garantiar i 2020 - 7,6 milliardar kroner - var knytt til omfattande norske eksportleveransar til internasjonale havvindparkar.

Agder fekk minst støtte av alle fylka med skarve fem millionar i fjor.

I eit krevjande år for eksportbedriftene våre bidrog Giek med 15 milliardar kroner i nye statlege garantiar
Wenche Nistad

Sysselsette 10.000 årsverk
Ein rapport frå Menon Economics viser at den statlege eksporthjelpa frå GIEK og Eksportkreditt Norge, bidrog til å sysselsette 10.000 årsverk i fjor.

– I eit krevjande år for eksportbedriftene våre bidrog Giek med 15 milliardar kroner i nye statlege garantiar. Garantiane fremja arbeidsplassar over heile landet og viser betydinga av ordningane for vekstnæringar som fornybar energi og havbruk, seier administrerande direktør Wenche Nistad i Giek.

(sjå kor mykje kvart fylke fekk i garantiar under)

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Millionar i nye garantiar i 2020 (2019 i parentes)

  • Rogaland 4156 mill.(1682)
  • Oslo 1869 mill.(1672)
  • Viken 1626 mill. (3002)
  • Møre og Romsdal 1445 mill. (9406)
  • Trøndelag 984 mill. (542)
  • Troms og Finnmark 804 mill.(6)
  • Vestland 566 mill. (5178)
  • Nordland 287 mill. (646)
  • Innlandet 235 mill.(---)
  • Vestfold og Telemark 16 mill. (53)
  • Agder 5 mill.(2005)

Publisert: 25.03.2021 17:11

Sist oppdatert: 25.03.2021 17:46

Mer om