Finn Arne Egeness Blue Fish 2023 foto Ogne
RIMELEG I DYRTID: Prisane har falle både på fersk og fryst sei. Forklaringa er både reduserte torskekvotar, høgare seikvotar og lågare prisar på konkurrerande sei, ifølgje sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Så å sei(e) halv pris av torsken

Prisskilnaden er venta å vere stor framover. Det er godt nytt for den norske forbrukaren.

22.01.2024

(NPK – Heidi Molstad Andresen): I dag kostar ein kilo sei under halvparten så mykje som ein kilo torsk. Det gir ikkje berre norske forbrukarar rimelege middagsråvarer – men krev truleg også ei nyutvikling av både seimarknaden og produkta.

– Prisskilnaden mellom sei og torsk har auka jamt dei siste ti åra, med ein kort periode under pandemien som einaste unnatak. Men prisskilnaden har aldri før vore så stor som han er i dag. No kostar sei godt under halvparten så mykje som torsk. I somme kategoriar er prisen på sei faktisk ein tredel av tilsvarande torskeprodukt, fortel sjefanalytikar hjå Seafood Nordea, Finn-Arne Egeness, til Nynorsk pressekontor.

Prisane har falle
Etter dei høye seiprisane i Q1 2023, har prisane på har falle både på fersk og fryst sei falle. Forklaringa er både lågare prisar på Alaska pollock og god råstofftilgang for dei som produserar klippfisk av sei. Lågare prisar har gjort seien til eit attraktivt alternativ til torsk i fleire marked og produktkategoriar i dei tronge økonomiske tidene verda er inne i, forklarar Egeness.

Ei kjapp prisundersøking på allematpriser.no 17. januar synte at Rema1000 sin frosne seifilet blir selt for kroner 76,50 per kilo, medan Meny sel First Price seifilet i blokk til ein kilopris på 74,25 kroner. Til samanlikning kostar både Rema1000 sin frosne torskefilet og First Price-torskefilet 131,25 kroner kiloen.


Klippfisk til Karibia
I 2023 vart det eksportert norsk sei for rekordhøge 4 milliardar kroner, trass den svake norske krona. Det var ein auke på 9 prosent mot 2022. Sjølve prisen auka med 6 prosent.

– Den største kjøparen av norsk sei er klippfiskindustrien, som sel han til marknader i Vest-Afrika, Karibia og Sør-Amerika. Den dominikanske republikk, Republikken Kongo og Brasil er dei aller største marknadene. Men sjølv om mange brasilianske forbrukarar har bytt til klippfisk av sei og eksporten dit auka med 25 prosent i fjor, har voluma totalt sett vore ganske stabile. No når seikvoten har auka, må det difor seljast meir sei som filet, seier Egeness.

Godt forbrukarnytt
At kvotane på både torsk, sei og hyse er venta å bli lågare dei neste åra, vil normalt føre til ein prisoppgang på seien. Men prisskillnaden mellom sei og torsk er forventa å være på eit høgt nivå framover.

Det kjem den norske forbrukaren til gode.

– Seifilet har lenge selt godt i både Tyskland, Polen og Tyrkia, medan den andre stader har fleire konkurrentar. I somme land føretrekker dei torsk fordi han er lysare i kjøtet, medan andre vel den russisk- og amerikanskfiska seikonkurrenten Alaska pollock som både er kvitare og billegare enn norsk sei, påpeiker Finn-Arne Egeness.

Trass i at eksporten av norsk seifilet til Sverige og Frankrike har auka, har salet heller ikkje der slått til som forventa, seier han:

– Sjølv om torskekvoten er venta å auke noko i 2026, er situasjonen med låge torskekvotar venta å halde fram i fleire år. Næringa gjer difor klokt i å stimulere etterspurnaden og vidareutvikle seiprodukta framover.

Rema satsar på seifilet
I Noreg er Rema 1000 ei av kjedene som no satsar på sal av seifilet. Det viser allereie på salstala:

– Frå 2022 til 2023 auka vi salet av sei med 23 prosent, og dei mest selde produkta var frosne og ferske seifiletar. Laks og torsk står framleis for størstedelen av salet, men vi håpar at sei vil stå for ein endå større del etter kvart, seier Martina Rabsch, som er leiar for varekunnskap hjå Rema1000.

Samarbeid med lokale fiskarar
Rabsch seier lågpriskjeda også har teke aktive grep for å få fleire kundar til å få auga opp for sei:

– Vi har nyleg oppretta eit samarbeid med 13 lokale fiskarar. Dei fiskar sei med jukse, og fileterer, porsjonerer, djupfryser og transporterer seien til distribusjonslageret vårt berre timar etter at han har vorte fiska. Sei er jo godt for både helsa, lommeboka og miljøet, så vi håper sjølvsagt han blir vanlegare på middagsborda.

(©NPK)

Publisert: 22.01.2024 10:32

Sist oppdatert: 22.01.2024 10:35

Mer om