Daniel garden jan christian vestre besøk nmk foto marius 22
KJEM IKKJE: Næringsminister Jan Christian Vestre under eit besøk hos Blue Maritime-klynga i Ålesund. Verken statsråden eller nokon andre frå departementet kjem til Ocean Summit torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Samlast på Stadt til nytt toppmøte

Ingen frå næringsdepartementet stiller når den maritime klynga møtast.

Marius Rosbach
09.03.2023

Torsdag samlast den maritime klynga på Nordvestlandet og politikarar frå Mørebenken og regionen elles, til den andre utgåva av Ocean Summit.

Maritimt Forum Nordvest står for arrangementet som vart lansert i fjor, som eit toppmøte mellom bransjen og dei som avgjer politikken.

Ein rekke næringslivsleiarar frå regionen vil mønstre på hurtigbåten Gabriele i Ålesund, og segle til Stad. Programmet startar undervegs og held fram ved Stad Hotell.

Elise Dag Arnfinn
NY LEDER: Elise Fiske har overtatt etter Arnfinn Ingjerd (t.h.) som leder for Maritimt Forum Nordvest. T.v. styreleder Dag Vikestrand. Foto: Maritimt Forum Nordvest

Næringsdepartementet avslo
Trass i «topptunge» deltakarar kjem ingen frå næringsdepartementet denne gongen.

Kort tid før arrangementet skal beskjeden ha kome om at verken næringsministeren, eller nokre andre hadde anledning. Kva som blir sagt under programpunktet «regjeringens maritime politikk» er difor uviss.

Også Frank Sve (Frp) og Birgit Oline Kjerstad (SV) melder avbod, etter det NETT NO forstår.

Bank, reiarlag og Kystverket kjem
Undervegs vil deltakarane mellom anna få høyre frå banksjef Hege Karete Hamre i Sparebanken Møre, reiarsjef Tommy Walaunet i Island Offshore og Kåre Molvær i Cruise-Service.

Norske verft – avvikling, eller utvikling, er mellom spørsmåla som stillast i programmet.

Ettersom ein er på Stad vil naturleg nok skipstunnelen vere tema med kystdirektør Einar Vik Aarset.

Lanserer ny politisk plattform
Den nye politiske plattforma til Maritimt Forum som blir lansert om kort tid, blir også presentert. For dei som har følgt maritim industri dei siste åra, kjem det truleg ingen store overraskingar her.

Verfta sin konkurransekraft, grøn omstilling, styrking av sjøtransporten og verdikjeda i havbruk, er mellom områda som får merksemd.

Vertskap undervegs er Elise Fiske i Maritimt Forum Nordvest og Daniel Garden i Blue Maritime Clüster.

Publisert: 09.03.2023 09:51

Sist oppdatert: 09.03.2023 09:14

Mer om