Jan Christian Vestre foto Marius Rosbach 11
OPPSEIINGAR: Næringsminister Jan Christian Vestre på besøk hos Optimar i fjor. Bedrifta har vore nøyd til å seie opp tilsette. Tapte Russland-kontrakter er den viktigaste årsaka, men óg forslaget om grunnrenteskatt er ei utfordring, ifølgje bedrifta. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Sjølvmål og dårleg gli i nordvest

Næringsministeren bør krysse fingrane for eit betre nytt år, om han vil sanke fleire tilhengarar blant bedriftene i regionen.

Marius Rosbach
08.01.2023

ANALYSE: Mange i det eksportretta næringslivet på Nordvestlandet helste velkomen dei nye tonane frå regjeringa og næringsminister Jan Christian Vestre om ein meir aktiv næringspolitikk.

- Næringslivet i Noreg skal merke forskjell innan kort tid, sa Vestre på talerstolen under eit Arbeiderparti-møte i Ulsteinvik desember 2021.

Det er liten tvil om at næringspolitikken har fått stor merksemd frå regjeringa, og det har ikkje mangla på initiativ. Vestre nytta høve til å peike på nokre av dei i sin nyttårshelsing til næringslivet.

Grønt industriløft og satsing på havvind, hydrogen og maritim næring, er mellom grepa som heilt klart vil kome bedrifter på Nordvestlandet til gode.

Men to av dei fremste eksportmiljøa på Nordvestlandet - verftsbransjen og oppdrettsklynga – har lite å rope hurra for som følgje av regjeringa sin næringspolitikk i året som gjekk.

For oppdrettsklynga er forslaget om grunnrenteskatten det altoppslukande om dagen.

Måten forslaget blei lagt fram på, og reaksjonane det har framkalla, ser førebels ut som eit sjølvmål frå regjeringa si side. Om ikkje anna, så kan det vere eit døme på kor raskt det kan gjerast å øydelegge verdiar bygd opp over lang tid.

Høyringssvara frå næringa, leverandørane deira, og lokalsamfunna til bedriftene, beskriver eit hastverksforslag med lite forankring både i bransjen – og eigne rekker av politikarar.

Skilnaden frå den euforiske stemninga som rådde då oppdrettsbransjen var samla til GATH-konferanse i Ålesund i september, til oppseiingar og investeringsstopp mot slutten av året, er nærast surrealistisk.

At det kjem ein form for lakseskatt er klart. Men det står att å sjå om den får ei utforming som blir godteke i næringa. Og det står att å sjå kva det har kosta regjeringa i manglande tillit på lengre sikt.

Per i dag er det klart at det iallfall har kosta næringa langt meir enn dei kring fire milliardane i skatt, i form av tapte børsverdiar, kontraktar og investeringar.

Verfta som tradisjonelt har bygd dei største skipa her til lands, har utfordringar som regjeringa ikkje kan skuldast for. Men næringsministeren har vore med å legge lista for kva hjelp bransjen kunne vente seg.

I den nemnte talen i Ulsteinvik for eit drygt år sidan, påpeika Vestre at også skipsbygging skulle vere omfatta av regjeringa si satsing.

- Vi må no sørge for å føre ein aktiv næringspolitikk som sørgjer for at denne industrien blir oppretthalden, og ikkje berre blir oppretthalden, men også styrka, sa Vestre.

Under møtet var næringsministeren mellom anna konkret på at regjeringa ville bruke regelverket i handelsavtaler maksimalt «for å få verdiskaping til Noreg».

Det har vore eit ønske frå verfta for å sikre at offentlege oppdrag hamnar i Norge. Men tilbakemeldingane frå næringa er at det framleis er pris som er avgjerande når staten skal bygge nye fartøy.

Førebels ventar departementet på ein rapport som kjem no i januar som skal greie ut det EØS-rettslege handlingsrommet for å stille kvalitetskrav, til eksempel knytt til HMS og arbeidsforhold.

I mellomtida slit dei største nybyggingsverfta med historisk slunkne ordrebøker.

Eit forslag om å utvide Eksin sine garantiar slik at dei også kan hjelpe verfta til å finansiere nybygg, har i lengre tid stått øvst på ønskelista frå bedriftene. Etter ein rekke møter mellom bransjeorganisasjonar og departementet, er ordninga – som i utgangspunktet ikkje kostar staten ei krone, ikkje på plass.

Ei anna saka der regjeringa verkar ha lite framdrift, er å få på plass dei statlege arbeidsplassane næringsministeren lova ville komme over «noe tid» til Ålesund.

Då Vestre i mars i fjor skrota det planlagde Eksportstrategirådet, som var tenkt plassert i Ålesund, lova han samtidig å tilføre ti nye stillingar til Innovasjon Norge sitt kontor i byen.

Først denne veka kom nyheita om at den første av stillingane var besett. Rett nok har også Eksin-kontoret i byen også fått éi ekstra stilling i denne perioden, men førebels er det langt igjen til dei ti stillingane næringsministeren lova.

Det er verdt å merke seg svaret til regiondirektør Helge Gjerde då NETT NO spurde kva tid han rekna med å få fleire medarbeidarar til kontoret.

«Hvorvidt det kommer flere ansettelser og eventuelt når, vil avhenge av hvilke oppdrag departementet gir Innovasjon Norge fremover innenfor eksportområdet».

Om næringsministeren skulle vere ute etter måtar å blidgjere næringslivet på Nordvestlandet, burde det med andre ord vere litt å velje mellom.

Og då er ikkje dei andre skatte- og avgiftsaukane bedriftene har i vente nemnt.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Publisert: 08.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.01.2023 08:20

Mer om