Kleven konkurs eksteriør foto marius
KONKURSEN: Få dagar etter skjebnemøte 23. juni 2020 gjekk den kroatiske eigaren til tingretten og melde oppbod for vertsselskapa. Under rettssaka har det kome fram at eigarselskapet Div Group og dei norske bankane, satt med heilt ulike oppfatningar om kva som eigentleg var konsekvensen av møtet. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Satt med heilt ulik forståing av Kleven-krisa

Då bankane bestemte seg for å «trekke ut pluggen» på verftet, diskuterte dei kroatiske eigarane vidare dialog.

Marius Rosbach
13.11.2023

Måndagens vitneforklaringar i søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft, viste ei helt anna oppfatning av krisa verftet stod oppe i, enn Tomislav Debeljak sjølv la for dagen i si forklaring fredag.

Bustyret har saksøkt den tidlegare verftseigaren Tomislav Debeljak for 136 millionar kroner for tapa til Kleven. Saksøkte og forsikringsselskapet Tryg sine advokatar ber om frifinning i saka som går i Hordaland tingrett.

Eit ampert skjebnemøte 23. juni 2020 har vore sentralt i saka.

I løpet av rettssaka har det kome fram at bankane og dåverande GIEK på den eine sida, gjekk rett i «ettermøte» der dei diskuterer korleis dei skal seie opp avtalane sine med verftet.

Samtidig gjekk Div Group sine folk straks i gong med å forfatte ein e-post om korleis dei – saman med banken – kunne kome videre med Kleven.

Dommaren: – Ein «verkelegheitsbrest»
Mot slutten av den fjerde daga i søksmålet mot den kroatiske forretningsmannen, tok tingrettsdommar Gard-Håvard Røren Sem-Onarheim ordet og ville vite meir om korleis det kunne ha seg at oppfatningane var så ulike.

– På den eine sida er det raud beredskap, og på den andre sida jobbar dei med ein veg vidare, sa Sem-Onarheim – og kalla det ein «verkelegheitsbrest».

– Fråskreiv seg eitkvart ansvar
Advokat Tor Herdlevær som jobba for byggjelånbankane, heldt fast på at det frå deira sin side ikkje var nokon veg utanom å kansellere avtalene.

– Han fråskreiv seg eitkvart ansvar for at kontraktane skulle bli oppfylt, sa han om verftseigaren sin oppførsel under møtet.

Advokaten understreka at tid var ein faktor då bankane oppfatta at Debeljak «torpederte» det pågåande byggeprosjektet ved verftet.

– Då var det eit prosjekt som var i fritt fall. Det var ikkje slik at vi påførte andre tap, men avgrensa våre eigne tap, sa Herdlevær då dei saksøkte sin advokat ville om det ikkje var andre alternativ – enn å seie opp avtalane.

Hadde ingen tru på meir dialog
Bankadvokaten fortalde at deira side var oppriktig sjokkert over kva dei opplevde, og ordet «absurd» vart gjenteke fleire gonger.

Det same kom Herdlevær tilbake til då han skulle forklare korleis han oppfatta Debeljak sitt forslag til løysing.

– Nokon andre måtte ta all risikoen for tap, kommenterte han.

På oppfølgingsspørsmål om bankane overhovudet vurderte moglegheitene for dialog i etterkant, svara Herdlevær at dei ikkje hadde nokon tru på det etter det to timar lange møtet, der dei ikkje opplevde å kome nærare kvarandre.

– At det skulle kome noko fornuftig ut av ein ny samtale, var det igjen grunn til å tru, sa han under si forklaring.

Amper stemning frå start
Tidlegare måndag vitna
mellom anna banksjef Thorleif Aasland i Nordea som fortalde at Kleven-eigaren førte ordet i møtet, og at det var amper stemning frå start.

– Det var tidleg konfronterande frontar, sa Aasland - og hans konklusjon var klar.

– Dette var ein eigar vi ikkje kunne forhalde oss til, sa han

Jan Inge Roald i dåverande GIEK fortalde at han var overraska over måten Debeljak fortalde at han ville drive på, og at bodskapen blei framført i ein «underleg» og «springande» form.

– Vi kunne ikkje forstå kvifor ikkje dei finansielle rådgjeverande hans hindra han frå å begå finansielt sjølvmord, sa Roald i si forklaring.

Publisert: 13.11.2023 21:29

Sist oppdatert: 15.11.2023 09:37

Mer om