20220228 100501
GURSKEN: Verftsdirektør Lars Conradi Andersen og finansdirektør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ser lysning etter store tap i fjor

Sande-verftet gjekk på ein smell i fjor. No vil den nye verftsdirektøren gjere endringar for å hindre nye tap.

01.03.2022

- Vi har hatt covid og andre utfordringar, men vi må også erkjenne at vi ikkje har lukkast med gjennomføringa i alle ledd. Dette er vi nøydde til å rette opp.

Det seier Lars Conradi Andersen, som 1. januar overtok som verftsdirektør ved Myklebust Verft i Gursken.

Følgjeproblem på følgjeproblem
Tapa i fjor er i hovudsak knytte til bygging av brønnbåtar til Sølvtrans.

Prosjekta vart kraftig forseinka etter at det først vart utsetjingar i levering av skrog frå skogverftet Hat-San i tyrkiske Yalova.

- Det vart følgjeproblem etter følgjeproblem, seier Conradi Andersen.

Rosar arbeidet lokalt
Han seier at etter at Myklebust Verft vart skild ut frå Kleven, har verftet måtta bygt opp ein del funksjonar som verftet tidlegare fekk gjennom Kleven. Det gjeld blant anna det som skjer tidleg i verdikjeda; sal, teknisk og skrogoppfølging.

- Mykje har blitt gjort, men vi har endå ein veg å gå, så her tek vi no ytterlegare grep.

- Vi er ei sterk produksjonsbedrift, og det er svært godt arbeid som vert utført ved Myklebust, seier Conradi Andersen.

Han vil ikkje seie kor mykje verftet har tapt på nybygga.

- Tala vert tilgjengelege når årsrekneskapen er klar, men vi jobbar hardt med å snu utviklinga.

Nye forseinkingar
Sølvtrans har endå ein båt klar til utrustning ved Myklebust. Dette nybygget er også forseinka.

- Planen er no å levere båten over ferien.

Skroget til ein tredje brønnbåt til Sølvtrans er under bygging ved Hat-San.

- Denne er også litt forseinka, men vi håpar å ta inn ein del av det tapte.

Ingen nedbemanning
Conradi Andersen rosar at Sølvtrans satsar på norske verft.

- Dette er uhyre viktig for oss og andre deler av norsk verfts- og leverandørindustri, og så må vi verte flinkare til å halde kostnadene nede og levere til rett tid.

Conradi Andersen seier at strategien ligg fast om at Myklebust skal være eit kombinasjonsverft med eitt til tre nybygg i året, i tillegg til å satse på reperasjons- og ombyggingsoppdrag.

Han seier at det heller ikkje er snakk om nedbemanning.

- Vi har høg aktivitet i heile 2022 og treng alle vi har. I dag har vi rundt 400 inne på anlegget, 150 av desse er eigne tilsette. Vi planlegg å liggje på dette talet med eigne framover.

Vi har høg aktivitet i heile 2022 og treng alle vi har
Lars Conradi Andersen

Støtte frå eigarar og bankar
Han seier at det er viktig å ha nybyggingskompetanse.

- Ja, for å vere eit komplett verft og kunne ta ulike typer oppdrag, må vi også ha kompetanse på nybygg.

Det vert forhandla om fleire kontraktar, mens en parallelt jobbar med å få bedring på den finansielle situasjonen.

- Vi har stor støtte med våre eigarar og hovedbank Sparebanken Møre.

- Men det er klart at det er viktig å få kontroll på prosjektgjennomføring og inntening for å sikre løfteevna for nybygg med eit så tungt 2021 bak oss.

- Heldigvis ser det betydeleg betre ut i år, seier Conradi Andersen.

Publisert: 01.03.2022 15:10

Sist oppdatert: 01.03.2022 14:08

Mer om