Ulstein montasje årets skip finalister nathional geographic resolution nexans aurora foto Ulstein Group Per Eide Studio 22
ULSTEIN: National Geographic Resolution og Nexans Aurora, som denne veka blei sjøsett og døypt ved Ulstein Verft, er mellom dei nominerte til Årets Skip. Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio
Nytt

To av tre frå Ulstein

Dei nominerte til Årets Skip er klare.

Marius Rosbach
11.06.2021

Både National Geographic Resolution og Nexans Aurora frå Ulstein Verft er nominerte til Årets Skip, saman med hydrogenferja Hydra frå Westcon Ølen.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Skipsrevyen, som står bak kåringa.

Ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution blei sjøsett ved Ulstein denne veka, og skal leverast til Lindblad Expeditions i løpet av året.

Nexans Aurora ble døypt same dag, etter at kabelskipet nyleg blei overlevert frå verftet.

Les meir om skipa:

MF «Hydra» er verdas første hydrogendrivne ferje og blir bygd av Westcon Ølen. Minst halvparten av energibehovet skal bli dekt med hydrogen ved ferja som har kapasitet til å ta 299 passasjerar og 80 personbilar.

Reiarlaget Norled skal sette inn ferja på sambandet Hjelmeland – Skipavik – Nesvik i Rogaland i løpet av året.

I fjor blei brønnbåten Ro Vision kåra til årets skip, i konkurranse med konteinerskipet Yara Birkeland og Røkke-skipet Rev Ocean.

Publisert: 11.06.2021 12:48

Sist oppdatert: 11.06.2021 12:58

Mer om