Britt Tøsse Aandal Nils Eirik Wenaas foto Ogne
Økonomiansvarleg Britt Tøsse Aandal og dagleg leiar Nils Eirik Wenaas i Wenaas Eftf. styrer ein eigedomsportefølje som er verdsett til 2,9 milliardar kroner. Utbygginga på Digernesskiftet, der biletet er teke, er den største investeringa. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skal investere for minst 1,3 milliardar

Wenaas- og Møller-konserna er langt frå ferdig på Digernesskiftet.

24.05.2023

Mellom fem og åtte år vil det ta før alle tomtene til Digernes i Ålesund er ferdig utbygd, anslår dagleg leiar Nils Eirik Wenaas i Wenaas Eftf.

Til saman står det att 130 mål med ledige tomter, nesten 40 prosent av det samla arealet til selskapet Digerneset Næringspark på Digernesskiftet.

Bygga vil koste mellom 1,3 og 1,6 milliardar anslår Wenaas. Medrekna det som alt er investert i planering og infrastruktur i bakken, er det snakk om investeringar for mellom 1,5 og to milliardar kroner for området som står att å gjere ferdig.

Partnar med Møller
Digerneset Næringspark er eigd 50/50 av Wenaas Eftf og Møller-konsernet, som kom inn som medeigar i 2016.

Første leigetakar flytta inn i 2012, då Posten opna ny terminal.

No er området blitt eit sentrum for logistikkverksemder som Posten, plasskrevande handelsbedrifter - som byggevarer og bilforhandlarar - og lett industri - som MMC First Process. I tillegg har daglegvare- og serviceverksemder etablert seg.

Reglar og reguleringar opnar ikkje for at Digerneset kan bli eit konkurrerande kjøpesenterområdet til Moa, og vidare utbygging skal skje etter same mal som hittil.

Finansinvesteringar for 450 millionar
Eigedom er hovudinvesteringa til Wenaas Eftf, men frå 2015/2016 har selskapet også satsa meir på investeringar i verdipapir og prosjekt - først og fremst børsnotert aksjar. Omlag 60 prosent av finansinvesteringane er i bank- og finansaksjar.

Wenaas er langsiktig og prioriterer det trygge.

- Eg seier nei til fristande avkastning dersom det går ut over mykje nattesømnen, seier han.

Ved utløpet av 2022 var marknadsverdien av verdipapirporteføljen 450 millionar. Svingingane i verdipapirmarknaden er ein del av forklaringa på at resultatet før skatt vart lågare i 2022 enn i 2021 (sjå tabell).

Partnarskap
Mykje av investeringane til Wenaas Eftf skjer i partnarskap, seier Nils Eirik Wenaas.

I Volda og på Nordfjordeid er selskapet 50/50 partnar med Reitangruppen sitt eigedomselskap Rema Etablering Nordre Vestland, og har bygd Rema-butikkar og bygg for annan handel- og serviceverksemd på områda.

På Digernesskiftet og i Molde er selskapet 50/50 partnarar med Brages Holding, som eig bygg som husar bilforretning og -verkstad.

Hotell står øvst på lista
Wenaas Eftf er i tillegg eineeigar av bygga som husar Waterfronthotellet i Ålesund og eit hotell i Stavanger sentrum.

Skal selskapet utvide satsinga, i tillegg til det selskapet alt er inne i, er det fleire hotellbygg som står først på lista, ifølgje Wenaas.

Historia om Wenaas Eftf. as

Wenaas Eftf. spring ut av Wenaas-familiens konfeksjonsverksemd som starta i Måndalen i Rauma i 1930-åra.

Brødrene Lars og Nils Wenaas bygde saman Wenaas-bedrifta til å bli storleverandør av arbeidskle og investerte etterkvart i eigedom.

Då dei delte opp forretningsvirksemda si etter å ha seld seg ut av konfeksjon satsa Nils Wenaaas på eigedom i Møre og Romsdal gjennom selskapet som i dag heiter Wenaas Eftf.

Wenaas Eftf er er eigd av Nils Wenaas sine to barn, Nils Eirik Wenaas gjennom sitt selskap, Wenaas Kapital (53,273 prosent) og Lene Wenaas gjennom sitt selskap, Hekla (46,727 prosent).

Selskapet si største investering er 50 prosent eigarskap i eigedomsselskapet Digerneset Næringspark, som byggjer ut næringsområdet på Digernesskiftet i tidlegare Skodje kommune.

Eigedom for 1,8 milliardar
Wenaas Eftf er også forvaltningsselskapet for alle eigedomane der selskapet er heil- eller 50-prosent eigar.

Til saman er marknadsverdien av eigedomane 2,9 milliardar kroner, der Wenaas Eftf sin andel utgjer 1,8 milliardar, ifølgje verdivurderingar selskapet og partnarane har henta inn.

Gjelda på eigedomane er på 1,6 milliardar, der Wenaas Eftf sin andel utgjer ein milliard kroner.

I fjor var leigeinntektene 173 millionar kroner og Wenaas Eftf sin andel utgjorde 107 millionar.

Verdifall på investeringar
I 2022 drog eit verdifall på finansinvesteringane ned resultatet før skatt for Wenaas Eftf med 35 millionar, medan det var ein verdiauke på 102 millionar i 2021.

Wenaas Eftf eig også 70 prosent i Maritime Motor i Tomrefjord, med 79 millionar kroner i driftsinntekter og 11 millionar kroner i resultat før skatt i fjor.

Fleire partnarskap
Gjennom Digernesskiftet Næringspark har Wenaas Eftf investert i handels- og logistikk-område ved Gjøsund i Giske, Åndalsnes, Stranda, Brattvåg, Førde og Molde.

Ved årskiftet kjøpte selskapet også fabrikkbygget til H-Fasader på Stette. Denne type investeringar kan de bli fleire av om det dukkar opp gode alternativ, ifølgje Wenaas.

Wenaas Eftf. as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt131,2166,6
Driftsresultat36,959,4
Resultat før skatt118,1214,1

Publisert: 24.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 24.05.2023 09:34