- Eg kan ikkje forstå at dette kan fortsette
Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) meiner si eiga regjering bør justere kursen i skattepolitikken så raskt som råd.
Bodskapen frå ein rekke næringslivsrepresentantar under eit møte i Ørsta fredag, gjorde inntrykk på Ørsta-ordførar Stein Aam.
- Dei som trur at eg sitt roleg i båten og velsignar det som skjer, dei tek feil, sa Aam etter å ha høyrd den eine lokale næringslivsrepresentanten etter den andre som kritiserte regjeringa sin skattepolitikk.
- Noko er steikje gale. Og då må eg bruke min posisjon for det den er verdt framover. Her må vi justere – og det er ikkje nødvendig å vente til 2025. Vi må justere ved første korsveg, sa ordføraren.
Fekk høyre om konkurs og investeringsstopp
Ørstingen føyer seg dermed inn i rekka av Arbeidarparti- og Senterparti-ordførarar, som stiller seg kritisk til regjeringa si eige politikk.
Saman med Frp-leiar Sylvi Listhaug fekk Stein Aam mellom anna høyre tidlegare PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek fortelje korleis dei skjerpa skattane på ulike vis bidrog til å sende fiskeutstyrsleverandøren til skifteretten.
Etterpå kom produksjonssjef John Ivar Sætre i Mowi, som kunne fortelje om milliardinvesteringar i fleire anlegg på Sunnmøre - som no blir skrinlagt grunna grunnrenteskatten.
Har ministermøte denne veka
Ordføraren fortalde at det som har gjort størst inntrykk på ham, var korleis eldste generasjon i Vartdal Plast under eit møte med politikarar nyleg, stilte spørsmål ved om familien heller burde selje.
Senterparti-ordføraren som har sagt nei til attval, var tydeleg på at han ville ta bodskapen frå sine lokale næringslivsleiarar til regjeringsapparatet.
Allereie denne veka skal han i eit ministermøte.
- Eg har tenkt til å bruke tida for det den er verdt, sa han.
Støre-regjeringa har i sine budsjett auka skattebyrda på bedriftseigarar mellom anna gjennom skjerpa formuesskatt og utbytteskatt.
Det har skapt kraftige reaksjonar frå ei store delar av næringslivet.
Fredag fekk Ørsta-ordføraren også høyre om Lars Oscar Fossen Øvstegård som vil gå til søksmål mot staten fordi han meiner formuesskatten er urettvis,
Tidlegare i vår tok óg Knut Flakk og Roger Hofseth initiativ til ein aksjon for norsk eigarskap som ønsker å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.
Publisert: 05.06.2023 10:26
Sist oppdatert: 05.06.2023 10:42