Slik svarar Vestre om eksportsatsinga i Ålesund
Næringsministeren peiker på Innovasjon Norge.
Næringsminister Jan Christian Vestre meiner det er Innovasjon Norge sitt ansvar å avgjere korleis og kvar den vidare eksportsatsinga skal byggast opp.
Det kjem fram i eit svar frå Ap-statsråden til Stortinget på eit skriftleg spørsmål frå Venstre-politikar Alfred Bjørlo.
Stortingsrepresentanten ville vite kva som er status for eksportsatsinga i Ålesund, som næringsministeren lova etter å ha skrota ideen om eit eksportstrategikontor i byen.
Vestre viser til at det per i dag er tilsett ein ny person hos Innovasjon Norge i Ålesund, som fagansvarleg for grøn maritim eksport. Det er óg tilsett ein ny person ved Eksfin-kontoret i byen.
- Til saman vil desse endringane leggje til rette for at Ålesund blir ein endå viktigare spydspiss i eksportarbeidet framover, skriv Ap-statsråden.
I spørsmålet viste Bjørlo til at Vestre lova å bygge opp eit «kraftig eksportorientert miljø i Ålesund», mellom anna med ti nye stillingar ved Innovasjon Norge sitt kontor i byen.
Vestre viser i sitt svar til at Innovasjon Norge har stadfesta at selskapet over tid vil etablere ti arbeidsplassar ved kontoret i Ålesund.
Korleis og kva tid det vil skje er likevel opp til Innovasjon Norge sjølve, basert på kva oppdrag selskapet får innan eksportområdet. Førebels har regjeringa bestemt at havvind og grøn maritim eksport skal vere dei to første satsingsområda.
Vil kome oppdrag i løpet av året
Vestre fortel at det vil kome oppdrag i løpet av året som kan gi ytterlegare styrking av eksportmiljøet i Ålesund.
- Når oppdraga på eksportfremmesatsingar er gitt Innovasjon Norge er det Innovasjon Norge som selskap som har ansvaret for eiga organisering og forvaltninga av oppdraget til regjeringa, påpeiker Vestre.
Han legg til at framdrifta av tilsette må bli sett i samanheng med at Innovasjon Norge står midt i ein omstillingsprosess – og at selskapet også vil styrke seg i andre delar av landet.
Leiinga i Innovasjon Norge uttalte til NETT NO i fjor at Ålesund-kontoret skulle bli skjerma i spareplanen.
Publisert: 12.04.2023 15:35
Sist oppdatert: 12.04.2023 15:35