Magne Fure admdir Fiskevegn Norfishing 2022 foto Ogne
Nytt

Snøkrabbe-fangst for Fiskevegn

Utrustar Ervik-båt med 9000 teiner.

05.01.2024

Nesten 23 kilometer med tau og tilsaman 9000 snøkrabbeteiner gjer oppdraget med å utruste det nye Ervik-fartøyet Frøyanes til eit av dei største einskildoppdraga for Fiskevegn.

Tilsaman er det eit oppdrag i 10-millionarsklassen, seier Fiskevegn-sjef Magne Fure. På årsbasis inngår selskapet færre enn ei handfull så store einskildoppdrag.

4000 av teinene vart levert og testa av eit anna fartøy i fjor, resten i år.

Vekst i fjor - optimist for 2024
Fiskevegn-konsernet har omlag 45 tilsette i sine to selskap på Flatraktet i Stad kommune.

I fjor auka driftsinntektene med omlag 10 millionar kroner. Endlege tal er ikkje klare, men selskapet ligg også an til eit godt resultat i fjoråret.

Fure er optimist for 2024.

- Vi har ein god ordrereserve for dette året og eg ser optimistisk på situasjonen, seier han.

Fleire faktorar gir uvisse
Samstundes er der faktorar som skaper uvisse, ifølgje Fure. Det er reduserte torskekvotar, kva som er innhaldet i kvotemelding som skal offentleggjerast neste veke, og verknaden av høgare rente og kostnadar.

I 2022 hadde konsernet 107 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 9,6 millionar kroner.

I tillegg er Fiskevegn 50 prosent eigar av eit produksjonselskap i Latvia. Det lagar fiber til tauverk som blir produsert på Flatraket og lagar i tillegg ein del tauverk sjølv. Bedrifta i Latvia hadde omlag 35 millionar kroner i driftsinntekt i fjor og har omlag 35 tilsette.

Trur på fangstauke
Reiarlaget har prøva og feila med snøkrabbefiske, men no har dei lært meiner dagleg leiar Robert Ervik i Ervik Havfiske. Kvotane for snøkrabbefiske på norsk sokkel, har auka dei siste åra. I 2024 var i utgangspunktet kvota sett til 10.300 tonn.

– Vi har vore gjennom eit prøveår, og eg er rimeleg sikker på at vi vil sjå stor auke i kvantumet i år, sa han tidlegare denne veka om utsiktene til krabbefiske med den nye båten.

Publisert: 05.01.2024 10:38

Sist oppdatert: 05.01.2024 12:12

Mer om