NTB x QG Xq U Wo2 Sk 1
DEBATT: Høgre-leiar Erna Solberg utfordra statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på når dei mellombelse ekstraskattane for næringslivet blir fjerna i den munnlege spørjetimen på Stortinget onsdag. Foto: Javad Parsa / NTB/ NPK
Nytt

Er spent på Vedums skattegrep

Sp-leiaren med uklare svar etter skattevedtak på landsmøte.

23.03.2023

(NPK-NTB-Bibiana Piene og Marius Helge Larsen): – Eg synest det er eit positivt signal. Så håpar eg at dei står ved det, og at det ikkje berre er sånn at dei gjer nokre endringar på avskrivingsreglar for bønder, og så meiner dei at dei har møtt opp for næringslivet. Dei må faktisk bidra til at heile næringslivet opplever lågare skattetrykk, seier Solberg til NTB.

På landsmøtet sist helg vedtok Senterpartiet ein resolusjon der det heiter at «Det samla skattetrykket i næringslivet må reduserast». Partiet vil også auke botnfrådraget i formuesskatten og redusere formuesgrunnlaget.

– Mest å signalisere ei retning
I eit intervju med NTB svarer Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum dette på spørsmål om korleis han vil følgje opp vedtaket til Sp-landsmøtet:

– Altså, på Klækken-konferansen (budsjettkonferansen til regjeringa, red.mrk.) så signaliserte vi at vi meiner at ein ikkje skal gjere nye store skattegrep som vi måtte gjere i fjor, seier han og viser til høgprisbidraget for kraftbransjen og tillegget på arbeidsgivaravgifta.

Regjeringa har vore tydeleg på at begge desse avgiftsaukane skal vere mellombelse. Høgprisbidraget for kraftbransjen skal vare ut 2024, medan regjeringa førebels ikkje har sett nokon sluttdato for den auka arbeidsgivaravgifta for inntekter på over 750.000 kroner.

– Så når Senterpartiet snakka om å redusere skattetrykket, snakkar ein eigentleg om å ta ned det trykket som auka?

Det er jo mest å signalisere ei retning, at vi meiner at det er viktig å behalde ei låg bedriftsskattlegging. At vi ikkje skal gjere nye store skattegrep som det var nødvendig å gjere i fjor, seier Vedum.

– Vi har sørgt for at dei som har vanlege og låge inntekter har fått lågare inntektsskatt. Den typen omfordeling vil framleis vere viktig for oss, føyer han til.

Falskt flagg
Det er langt frå nok, meiner Solberg.

– Nei, det er ikkje nok. Dei seglar under falskt flagg viss det berre er snakk om å fjerne mellombelse skattar. Då trur eg nok mange av dei som stemde for dette på Senterpartiets landsmøte, føler at dei har stemt for noko anna, seier ho.

– Vi må gjere noko med eigarskattlegginga i Noreg. Den er for høg akkurat no. Den tvingar ut store utbytte, og ho skaper store utfordringar, meiner Høgre-leiaren.

Men ifølgje statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil Senterpartiets skattevedtak ikkje få store konsekvensar for skattepolitikken til Ap-Sp-regjeringa.

– Det er jo eit innspel frå Senterpartiet. Men det er regjeringa som skal ta avgjerdene sine. Og der har vi både Hurdalsplattforma, vi har budsjettet frå i fjor, og vi må ta omsyn til den situasjonen vi er i no. Senterpartiets signal er jo at vi skal ha stabile og konkurransedyktige rammevilkår for norsk næringsliv. Det har vi, seier Støre til NTB.

– Vi har jo halde selskapsskatten uendra på 22 prosent. Det er den som er det viktige for kvar ein investerer, påpeikar han.

Solberg-frykt
I Stortingets spørjetime onsdag vart Støre utfordra av Solberg på når regjeringa tenkjer å fjerne høgprisbidraget og den ekstra arbeidsgivaravgifta. Støres svar var at det ikkje er sett nokon dato for den mellombelse arbeidsgivaravgifta, men at høgprisbidraget skal fasast ut i 2024.

Solberg er skuffa over svaret.

– No høyrer eg både Støre og Vedum vere meir «wishy-washy» på dette, ved at dei seier at det skal «fasast ut», ikkje berre blir fjerna. Då er jo frykta at dei berre skal redusere det litt, eller at dei lèt dette stå mykje lenger. Det er negativt, særleg for mange av dei teknologibedriftene vi har i Noreg, seier Solberg.

Publisert: 23.03.2023 07:56

Sist oppdatert: 23.03.2023 11:54

Mer om