ABB spansk flåtetransportskip innfelt Sindre Sætre Egil Johansen foto ABB marius 11
MARINESATSING: ABB satsar meir mot marknaden for militære skip. Sindre Sætre og Egil Johansen (innfelt) opna ny fabrikk i Ulsteinvik onsdag. Illustrasjon/foto: ABB/Marius Rosbach
Nytt

– Utstyret må tole å få mykje juling

7-8 års arbeid ligg bak ABB si forsvarssatsing med ny fabrikk i Ulsteinvik.

Marius Rosbach
11.05.2023

Onsdag var det opning av ny ABB-fabrikk for full musikk i Ulsteinvik. Med det lokale bandet Sytalaust på scena fekk dei tilsette og inviterte gjestar ei hyggeleg stund.

ABB har no fleire enn 100 personar i arbeid her, og den nye produksjonen av utstyr til militære skip kan auke talet framover.

– Dette er starten på ei ny æra, sa Sindre Sætre under opningstalen.

Etterpå fekk NETT NO ein prat med ulsteinvikaren som leiar marineverksemda til ABB globalt, og Egil Johansen som har ansvaret for verksemda innan kystvakt og marineprodukt i Norge.

– Har lagt ned store ressursar

Sætre påpeiker at satsinga med den nye fabrikken for frekvensomformarar til militære fartøy, har vore planlagd over lengre tid.

– Vi starta for 7-8 år sidan og har lagt ned store ressursar i utvikling av produkta, fortel han.

Det var ikkje sjølvsagt at produksjonen skulle bli plassert på Sunnmøre, men nærleiken til den maritime klynga var mellom fordelane konsernet såg med å utvide verksemda i Ulsteinvik.

No er det bygd ein organisasjon her, og investert i sjølve produksjonslokala som dei leiger av eigedomsselskapet Borgstein.

– Vi har lagt ned betydelege investeringar over lang tid, legg Sætre til.

Abb ny fabrikk ulsteinvik foto marius 44
SNART PRODUKSJON: I løpet av kort tid blir produksjonen ved den nye fabrikken i Ulsteinvik sett i gong. Foto: Marius Rosbach

Må tole sjokkbølgjer og vibrasjonar
Enkelt forklart skal utstyret som skal lagast ved den nye fabrikken, sørge for at skipa får krafta den treng, dit den trengs - slik at det kan segle mest mogleg effektivt.

Krava til frekvensomformarane til denne type skip skil seg i utgangspunktet ikkje frå kommersielle skip – men skilnaden ligg i kva påkjenningar utstyret skal tole.

– Utstyret må tole å få mykje juling, seier Sætre.

– Vi snakkar mellom anna om sjokkbølgjer og vibrasjonar frå eksplosjonar og påkjenningar frå elektromagnetisk støy. Du kan seie at vi har pakka dei kommersielle delane inn i eit kabinett, som gjer at dei tilfredsstiller dei krava, utdjupar Johansen.

Abb tysk fregatt illustrasjon Damen Group
VEKSANDE MARKNAD: ABB jobbar med ein rekke prosjekt i forsvarsmarknaden, som dei ikkje kan snakke om. Det siste året har dei fortald om oppdrag til tyske fregattar (bildet) og flåtetransportskip til det spanske sjøforsvaret. Illustrasjon Damen Group

– Dette er ein stor marknad
Marine & ports-verksemda har fem ABB-område der kystvakt og marineprodukt er eitt av dei nyaste områda det blir satsa på.

Sjølv om dei ikkje kan snakke ope om kontraktane dei jobbar for å sikre seg, påpeiker duoen at det er mange land som planlegg opprustingar av flåten. Og ABB reknar på dei fleste prosjekta i marknaden.

– Dette er ein stor marknad. Og slik den geopolitiske situasjonen er, så er det krav i dei fleste nasjonar om å auke forsvarsbudsjetta. Vi prøver å komme inn i dei prosjekta vi meiner vi kan gjere ein skilnad, seier Sætre.

Trur på fleire tilsette
Dei nye fabrikklokala ligg ved Borgstein rett ved sidan av ABB-avdelinga, der konsernet har vore i meir enn 20 år. Sætre påpeiker at dei no bygger vidare på kompetansen dei har utvikla i Ulsteinvik.

Talet på tilsette ved avdelinga har auka dei siste åra. Og om veksten slår til i marinemarknaden, kan dei truleg bli fleire.

Sætre ser ikkje vekk frå at ein kan sjå føre seg ei dobling av talet på tilsette som jobbar innafor denne ABB-divisjonen over ein ti-årsperiode.

– Om vi lukkast med våre planar, så er det absolutt innafor å doble talet på tilsette, seier han.

Abb scenebilde fabrikk ulsteinvik foto marius
TRUR PÅ FLEIRE TILSETTE: Onsdag var det underhalding med bandet Sytalaust før opningsseremonien av ny fabrikk. ABB trur det kan bli fleire tilsette i Ulsteinvik som følje av satsinga, Foto; Marius Rosbach

Starta i 2001 for å serve offshore
Då ABB starta opp Ulsteinvik-avdelinga i 2001, var det for å serve offshoremarknaden, og ikkje minst samarbeide med lokale verft.

Sjølv om aktiviteten ved lokale verft er mindre i dag, har dei framleis fleire bein å stå på i utlandet og eksporten er betydeleg. Eit global servicenettverk med delar som kan serve alt frå skip i NATO-flåten til ein papirfabrikk, høyrer med.

– Den globale dimensjonen er viktig for ABB. Og berekraft er ikkje berre miljø, men også evna til å vere operativ globalt når ting skjer, seier Johansen.

Publisert: 11.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 11.05.2023 01:26

Mer om