Selskapet Plug Nordfjord er eitt av mange selskap som ikkje har fått den straumen selskapet har søkt om.
På Nordfjordeid er konsekvensen at planen om å koble cruiseskipa til straum frå land er utsett på ubestemt tid. Straumen skulle gjere det råd å la motorane ombord kvile medan skipa ligg ved Nordfjordeid, og dermed redusere utslepp frå fartøya.
Hamnedirektør Arild Åshamar i Nordfjordeid Hamn stadfestar at den manglande tildeling av straum gjorde at arbeidet med å forsyne skipa med straum frå land stoppa opp.
Mista støtte
Plug Nordfjord, som er 50/50 eigd av hamneselskapet og kraftselskapet Eviny (tidlegare BKK) fekk i 2020 tilsagn om i alt 19,2 millionar kroner i støtte frå statlege Enova.
Pengane skulle brukast til å bygge landstraumanlegg på Nordfjordeid. Vilkåret var at anlegget skulle vere klart seinast 1. januar 2023.
Problemet var at det ikkje var straum å få tak i, og Plug Nordfjord har mista tilsagnet om støtte.
Plug Nordfjord hadde søkt om straumkapasitet på 10 megawatt (MW), men vart sett på venteliste i fjor.
Fleire på Nordvestlandet
Kven som fekk tildelt straum dei hadde søkt om vart offentleggjort av Statnett i fjor. i år er også kva for selskap som vart sett på venteliste gjort offentleg.
Nettavisa E24 har systematisert oversikta over kven som fekk nei, og står på venteliste.
Nordfjoreid Hamn er eitt av fleire selskap på Nordvestlandet som ventar på straum, ifølgje oversikta
(sjå under - kor mange MW dei har søkt om i parantes):
1. Norwegian Hydrogen. Produksjonsanlegg for hydrogen ved Sjøholt (250 MW). Selskapet har fått ja til ei tildeling på 20 MW.
2. Lefdal Mine Datacenter (120 MW)
3. Ocean Gem. (21 MW) Selskapet vil bygge landsbasert oppdrettsanlegg på Harøya.
4. Poly-Har. (12 MW) Poly-Har eig mellom anna Vartdal Plast sitt produksjonanlegg på Vartdal i Ørsta.
5. Nordfjord Havn. (12 + 10 MW). Det interkommunale selskapet driv hamnene i Måløy og indre Nordfjord.
6. Pharma Marine. (7 MW). Biomarint selskap ved Søvik i Haram.
7. Smart Salmon Foods. (6 MW). Selskap med adresse på Nordfjordeid og planar om å bygge landbasert oppdrettsanlegg.
Les også
Norwegian Hydrogen er eitt av fleire selskap på Nordvestlandet som er på venteliste for å få straum.
Seinast frå 2023 skal Nordfjordeid ha klart landstraum-anlegg for cruiseskip.
Publisert: 01.04.2025 15:24
Sist oppdatert: 01.04.2025 15:24