Asle b strønen foto ogne 11
FORUNDRA: Leiar Asle Strønen i Norske Skipsverft er forundra over Eksfin-tiltaket om garantistøtte til bygging ved tyrkiske verft. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Kan ikkje vere rett at den norske stat skal ta rekninga

Norske Skipsverft-sjefen har framleis ikkje fått svar på om Tyrkia-utspelet til Eksfin var politisk forankra.

Marius Rosbach
17.08.2022

Denne veka blei det kjent at eksportetaten Eksfin vurdere å styrke støtten til reiarar som vil bygge i Tyrkia, i form av ei garantiordning for å avlaste tyrkiske bankar.

Det har utløyst negative reaksjonar frå alt frå bransjen sjølv, til regionavisa på leiarplass og Ap sin næringspolitiske talsperson Per Vidar Kjølmoen.

– Slik saka blir oppfatta no, verkar det meiningslaust at den norske stat på nokon måte skal bidra til at tyrkiske bankar skal klare å halde sine forpliktingar til norske kundar, seier leiar for bransjorganisasjonen Norske Skipsverft, Asle Strønen til NETT NO.

Onsdag ettermiddag hadde Strønen ikkje fått svar på korvidt dette var eit politisk forankra tiltak.

Næringsministeren fekk sjølv saka på sitt bord via stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen.

Førebels har ikkje departementet kome med noko svar på spørsmålet - som også er stilt til kommunikasjonsavdelinga frå NETT NO.

– Kan ikkje vere rett
Strønen er klar på at ein slik Tyrkia-garanti til reiarane vil gjere konkurranseulempane for norske verft større.

– Eit reiarlag som meiner at norske verft er for dyre og går til Tyrkia, er vel vitande om den auka risikoen. Det kan ikkje vere rett at den norske stat skal ta rekninga når risikoen blir utløyst, seier Strønen.

Myklebust Verft-sjef Lars Conradi Andersen uttalde til NETT NO tidlegare onsdag at han meiner tiltaket kan vere totalt øydeleggende for norske verft.

Jobbar for garantiordning til norske verft
Begge to har vore mellom ei gruppe som har jobba på Stortinget for å få gjennom ein forskotsgarantiordning frå Eksfin for norske verft.

– Eit slikt produkt er heilt nødvendig for næringa vår, men må bli behandla politisk fordi det er eit nytt produkt i porteføljen til det statlege virkemiddelapparatet, seier Strønen.

Det same meiner han må gjelde om det norske verkemiddelapparatet skal nyttast til å avlaste bankar utanfor EU og EØS-systemet.

– Men hovudoppgåva må vere å bidra til norsk verksemd i reiarlag, leverandørar og skipsverft, legg Strønen til.

Publisert: 17.08.2022 20:08

Sist oppdatert: 17.08.2022 20:10

Mer om