K A Aurstad på garnesskiftet
VERDIAR FORDAMPA: Skjulte verdiar i K.A. Aurstad forvitrar i takt med at selskapet fekk større og større betalingsvanskar, ifølgje burervisors forklaring.Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Står fast på insolvens sommaren 2018

Burevisoren står fast på at K.A. Aurstad var insolvent i juni 2018, nesten eit halvt år før konkursen.

15.04.2021

Etterkvart som entreprenørselskapet K.A. Aurstad utover fekk større og større vanskar med å gjere opp for seg, minka også dei skjulte verdiane i selskapet , ifølgje burevisor Per Ødegaard si forklaring i rettsaka mot Cato Aurstad.

Ødegaard vart oppnemnt til burevisor etter konkursen i entreprenørselskapet K.A. Aurstad 6. desember 2018.

I retten i dag sto han fast ved konklusjonen i burevisor-rapporten, om at K.A. Aurstad var insolvent (ikkje i stand til å betale krav ved forfall og med negativ eigenkapital) frå medio juni 2018.

Då det omstridde salet av maskinparken frå K.A. Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige vart avtalt i oktober 2018 hadde K.A. Aurstad vore insolvent i tre-fire månader, ifølgje Ødegaards forklaring.

Cato Aurstad er største aksjonær og styremedlem i Aurstad-konsernet og var driftsansvarleg i K. A. Aurstad. Etter Økokrim si vurdering er han ansvarleg for ein transaksjon som var til ugunst for kreditorane i K.A. Aurstad.

Verdiar fordampar
Ødegaard fekk spørsmål frå Økokrim om korleis han vurderte K.A. Aurstads eigne vurderingar av tilstanden i selskapet, som vurderte verdien av leasingkontrakter og uteståande krav til ein høgare verdi enn Ødegaard gjorde.

I følgje Ødegaards forklaring er dette verdiar som gradvis fordampar dess større likviditetsvanskar eit selskap før, slik som var tilfelle for K.A. Aurstad.

På spørsmål frå forsvarar sa Ødegaard at reknskapsføringa i selskapet var grei, men at økonomistyringa var "lite framsynt", men betra seg utover 2018. Det handla om å sjå bakover, ikkje framover, ifølgje forklaringa.

Meinte eigenkapitalen var positiv
K.A. Aurstads vurdering - som blei presenter i retten både i dag og i i Cato Aurstad si vurdering - er at selskapet hadde ein reell positiv eigenkapital ved starten av oktober, at det var tilfelle også ved konkursen.

Ødegaard sa på spørsmål frå forsvarar at han i sine vurderingar kunne vere prega av at selskapet hadde gått konkurs når det gjaldt verdien ved starten av oktober.

- Det kunne godt vere at det kunne gått bedre om dei hadde vore fullfinansiert, sa Ødegaard på spørsmål frå forsvarar.

Publisert: 15.04.2021 13:12

Sist oppdatert: 15.04.2021 14:00