(NPK-Sara Berg Jønsson): Braud Håndverksbakeri er mellom bakeria frå Vestlandet som har fått godt fotfeste i Oslo. Bak mjøldryss og varme bakaromnar serverer dei eit lite stykke Vestlandet på bortebane.
– Vi har lukkast med å komme frå ei lita bygd på Sunnmøre til Oslo, noko vi ikkje tok lett på. Vi var spente på korleis det kom til å gå, seier Liv-Anette Valaker Røren til til Nynorsk pressekontor.
Ho konditormeister, medeigar og dagleg leiar i Braud Håndverksbakeri, som har utspring frå familiebakeriet med base i Søvika. I mai i fjor opna dei dørene på Frogner.
Travelt frå starten
Røren skildrar etableringa i hovudstaden som ein lærerik og morosam prosess.
Ho fortel at dei hadde førebudd seg på ei roleg veke med ein forsiktig oppstart, men at det raskt vart travelt.
– Vi tenkte at det berre var i starten, men det heldt fram. Veletablerte i bransjen fortalde oss at det er éin ting å drive frå påske og utover, og noko heilt anna å drive i vintermånadene. Likevel har vi klart å halde drifta og omsetninga oppe gjennom vinteren. Når sola no kjem, ser vi at det er «laurdag kvar dag», seier ho.

– Det skal skje noko på bakstebordet
Familiebakeriet Valaker Bakeri og Konditori AS, som står bak Braud Håndverksbakeri, har det siste året opplevd monaleg vekst og fått anerkjenning for utviklinga. Ved å flytte handverksproduksjonen ut til kundane bak disken i butikk, har verksemda vist god omstillingsevne.
Røren meiner folk må bli vande med å gå til bakaren att, etter ei utvikling der ein får alt på éin stad.
For å nå målet er ho tydeleg på at bakverket må stå i første rekkje:
– Vi skal vere eit bakeri, ikkje ein kaffibar eller ein reindyrka etestad. Vi skal selje bollar og brød. Det skal skje noko på bakstebordet frå klokka sju om morgonen til fire på ettermiddagen. Det skal bakast og lukte godt når ein kjem inn. Kundane skal få heilt ferske varer dagen lang, forklarer Røren.
I landstoppen på lønnsemd
Strategien har kasta av seg. Suksessen har ført til at selskapet leverer sterke økonomiske tal og oppnår eitt av dei aller beste resultata blant dei største bakeria i Noreg.
Berre det tradisjonsrike og store selskapet Baker Hansen, med mange utsalsstader i Oslo-området, slår dei på lønnsemd.
Braud Håndverksbakeri er ikkje det einaste bakeriet frå vest med stor pågang i hovudstaden om dagen. Eit stykke unna Majorstua, like ved Akershus festning, held det sunnfjordske gardsbakeriet Erketunet til.
– Plasseringa kunne knapt vore meir perfekt, seier eigar og dagleg leiar Jenny-Marie Andersen Håland, som var usikker på kva området hadde å by på då ho flytta til Oslo.
Med kort veg til fjorden, Aker brygge og Oslo rådhus har bakeriet vorte ein ynda stoppestad.
– Her kjem folk i alle aldrar, frå lunsjgjester og turistar til festglade gjester etter bryllaup eller namnefest i rådhuset. Vi har òg god plass til rullestolar og barnevogner. Dette er ein stad der alle trivst, seier Håland.
Viktig med reint mjøl i posen
Begge vestlandsbakeria har eit ufråvikeleg krav til høg kvalitet og gode råvarer. Dei tilverkar alt frå botnen av:
– Vi lagar alt her og har merksemd på gode smakar. Det er i grunnen enkle oppskrifter, men vi nyttar reine råvarer som økologisk norsk mjøl, H-mjølk og meierismør, seier Håland.
Braud Håndverksbakeri er òg oppteken av å ha «reint mjøl i posen», både bokstaveleg og biletleg. For dei handlar openheit om truverd og tillit.
– Vi er nøydde til å leggje fram kva produkta våre inneheld utan å skjemmast. Mange kundar spør oss om kva som til dømes er i svelene våre. No jobbar vi med ei ny nettside der dei enkelt kan finne ut kva som er i produkta eller spørje bakarane direkte. Det er utruleg viktig for oss som er eit handverksbakeri, seier Røren.
Satsar på volum framfor låg pris
Braud Håndverksbakeri merkar at kundane deira er merksame på pris. Røren er klar på at stabilitet er viktigare enn høge marginar for å byggje lojale kundar:
Både Håland og Røren er samde om at dei heller vil selje fleire varer og satse på større volum enn å skru opp prisane. Bakerileiarane legg vekt på ei sunn drift framfor å prioritere rein profitt.
Sosiolog og forskar Annechen Bahr Bugge er positiv til at forbrukarane har vorte meir prismedvitne, men er kritisk til eit einsidig fokus på prisvekst:
– Ei altfor stor merksemd på pris kan vere øydeleggjande, og kanskje til og med uetisk. Ein kan ikkje drive rovdrift på næringskjedene. Når ein kastar eteleg mat, gløymer ein lett handverket og arbeidet som ligg bak, reflekterer ho.
Motrørsle mot industrimat
SIFO-forskaren viser samstundes til ei aukande interesse i Noreg for kunnskap om kvar maten kjem frå og korleis han vert produsert.
Ho trekkjer fram at medvitet strekkjer seg lenger enn berre til prislappen:
– Lokal og kortreist mat har vorte populært. Vi er meir opptekne av å bidra til levedyktige lokalsamfunn og skape arbeidsplassar i distrikta. Nordmenn har høg tillit til bøndene og set pris på måten dei driv på. Vi ønskjer å støtte den norske bonden, mellom anna på grunn av større merksemd rundt beredskap og sjølvforsyning, seier Bugge.
Vidare forklarar ho at interessa har vakna til liv att som ei motrørsle mot industrimat. Bugge meiner utviklinga ikkje er overraskande, og peikar særleg på kor sentralt brødet står i det norske kosthaldet.
– Kosthaldet vårt består gjerne av to til tre brødmåltid om dagen. Vi et brød til frukost, lunsj og kvelds. No ser vi i tillegg at fleire nyttar brød som tilbehøyr til middagen, avsluttar ho.
(©NPK)
Publisert: 19.05.2026 10:23
Sist oppdatert: 19.05.2026 10:23






