Karl petter Sortehaug Sunnmørsbadet
FOSNAVÅG: Karl Petter Sortehaug er strålande fornøgd med resultatt i fjor, spesielt etter ein god sommar. I år ser det verre ut. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi får smellen i år

Sunnmørsbadet i Fosnavåg i pluss i fjor, men treng meir støtte for å klare seg i år.

14.05.2021

- Vi er kjempefornøgde med resultatet for i fjor. Dei tilsette gjorde ein enorm innsats, men i år ser det tyngre ut økonomisk.

Det seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet i Fosnavåg.

Snudde til pluss
Han viser spesielt til at den store effekten av tre månader nedstenging i fjor først viser seg i år.

- Blant anna gjeld det effekten av årskort og firmaavtalar, som vi har måtta flytta fram i tid. Ingen vil betale for eit stengt badeland.

Selskapet hadde i fjor eit resultat før skatt på 1,2 millionar kroner, mot minus 0,3 millionar året før.

Sunnmørsbadet
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 12,2 12,3
Driftsresultat 1,7 0,4
Resultat før skatt 1,2 -0,3

Støtte frå Havila og Olympic
Bak det gode resultatet ligg det kostnadskutt på 1,5 millionar kroner. I tillegg fekk selskapet 675.000 kroner i tilskot med Herøy kommune etter at det vart klart at Sunnmørsbadet ikkje kom inn under ordninga med statleg koronastøtte.

Støtte fekk selskapet også frå medaksjonærane Olympic og Havila, medan avdrag vart utsett og nedbetalingstida forlenga med ti år.

Sunnmørsbadet har allereie fått nytt tilskot frå Havila og Olympic i år. I tillegg har ein søkt om å nye midlar frå kommunen etter at kommunen fekk 2,8 millionar kroner i koronastøtte som skal gå til bedrifter som ikkje fell inn under dei statlege ordningane.

- Når selskap som Havila og Olympic stiller opp trass i at dei har ein krevjande økonomisk situasjon, forventar vi at hovedaksjonæren Herøy kommune også bidreg, seier Sortehaug.

Når selskap som Havila og Olympic stiller opp trass i at dei har ein krevjande økonomisk situasjon, forventar vi at hovedaksjonæren Herøy kommune også bidreg
Karl Petter Sortehaug

Fokus på smittevern
I år har det vore nye nedstengingar.

- Vi stengde også ned ei ekstra veke etter smittutbrota i Ålesund og Ørsta. Vi har gjester frå heile regionen, og må vere ekstra varsame, seier Sortehaug.

Ved Sunnmørsbadet kan ein no ta imot 200 badegjester av ein total kapasitet på 479.

Sortehaug seier at ein har eit stort fokus på smittevern.

- Vi har badegjester med nedsett immunforsvar, vi har gjester under behandlingsopplegg, vi har barn og vi har stor respekt for den jobben vi gjer.

Er konstant nervøs
Men han seier at han også er grundig lei av korona og smittevern, men må berre halde ut.

- Vi lever i spenning heile tida om vi klarer oss økonomisk, og samstundes er vi konstant nervøse for om vi vaskar nok, har nok handsprit og klarer å overhalde avstandsreglar.

- Hittil har det gått bra, men det er eit stort ansvar som vi tar på høgste alvor. Det er trass alt snakk om eit regionalt badeanlegg som er viktig for svært mange.

Sunnmørsbadet har ei langsiktig gjeld på 37,6 millionar kroner, medan eigenkapitalen er negativ med 0,9 millionar.

Herøy kommune er hovedaksjonær med 54,4 prosent av aksjane. Havila Holding og Olympic Eigedom eig kvar 15,6 prosent, medan Herøy Revmatikerforening og Herøy Sanitetsforening kvar eig 7,1 prosent.

Publisert: 14.05.2021 08:51

Sist oppdatert: 14.05.2021 08:20

Mer om