Jon Erik Engeset Hexagon Composites foto Ogne
KVARTALSRAPPORT: Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset har lagt fram kvartalsrapporten for 1. kvartal i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Svakare lønsemd i hovudmarknaden

Hexagon Composites slit med kostnadsauke og krøll i forsyningslinene.

11.05.2023

Datterselskapet Hexagon Agility i USA sto for 71 prosent av driftsinntektene til Ålesundselskapet Hexagon Composites i første kvartal. Hexagon Composites lagar mellom anna drivstofftankar og -system for mellomstore og store lastebilar som brukar natur- eller biogass som drivstoff og også store mobile gasstankar som blir brukt på anlegg i i industri.

Aukande kostnadar og forstyrringar i forsyningskjedene i marknaden for mellomstore og store lastebilar har sett marginane under press i den delen av verksemda, skriv Hexagon Composites i kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Hexagon Agility hadde 898 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på minus 13 millionar kroner i første kvartal 2023. I første kvartal 2022 var driftsinntektene 731 millionar og driftsresultatet pluss 12 millionar kroner.

Les børsmelding her

Gassgrill-opptur
Datterselskapet Hexagon Ragasco, som lagar små berbare gassbehaldarar på Raufoss, auka driftsinntektene frå 162 millionar kroner i første kvartal 2022 til 188 millionar kroner i første kvartal 2023. Driftsresultatet auka frå 24 til 38 millionar kroner.

For nordmenn er dess behaldarane mest kjent som energikjelde for gassgrillar.

Hydrogen dreg ned
Hexagon Composites eig 68,39 prosent av aksjane i Hexagon Purus, som lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Den store eigarandelen gjer at Hexagon Composites reknar Hexagon Purus inn i rekneskapen.

Hexagon Purus har ein kraftig inntektsvekst, men også tresifra millionunderskot.

Frårekna Hexagon Purus hadde Hexagon Composites 1130 millioner kroner i driftsinntekter og 21 millionar kroner i driftsresultat i første kvartal 2023. I første kvartal 2022 var tilsvarande tal 913 og 29 millionar kroner.

Hexagon Composites ASA
1. kvartal. I mill. kroner 20232022
Driftsinntekt12611016
Driftsresultat-119-85
Resultat før skatt-177-101

Publisert: 11.05.2023 08:03

Sist oppdatert: 11.05.2023 09:14

Mer om