Eldar zahl henrik grung rederikonferansen foto marius 11
MEIR AKTUELT: Ei kraftig auke i verdiar hos reiarlaga gjer det meir aktuelt å finne gode måtar å utløyse eksisterande aksjonærar fortel revisor Eldar Zahl og advokat Henrik Grung. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tøffe val om generasjonsskifte i fiskeri

Stadig større verdiar i reiarlaga kan gjere fordelinga vanskeleg – men det finst løysingar. Eitt stikkord er å ta seg tid.

Marius Rosbach
21.05.2022

Generasjonssskifte i næringslivet har skote fart dei siste åra. Årsaka er delvis forventningar om politiske endringar, som innføring av arveavgift.

På Nordvestlandet er det også aktualisert grunna sal av fleire familieeigde bedrifter i regionen. Difor var det eit naturleg tema på dagsorden under Rederikonferansen i Ålesund denne veka.

– Er i ein spesiell situasjon
I toppetasjen på Pir-bygget fekk deltakarane høyre frå eit panel med tre bankfolk, ein revisor og ein advokat. Situasjonen i fiskebåtreiaralaga fekk størst merksemd – ikkje minst fordi lova set avgrensingar som er heilt særprega for desse selskapa.

– Fiskebåtreiarlaga er i ein spesiell situasjon både når det gjeld reguleringar og aktivitetskrav. Samtidig har verdiane aksellert så kraftig at det i seg sjølv blir ei utfordring, sa advokat Henrik Grung frå Kvale.

Han leia seansen der også Ola Øvrelid og Jan Rune Hurlen frå Sparebank1 SMN, Runar Debess frå Sparebanken Møre og revisor Eldar Zahl frå BDO deltok.

– Det som legg ei spesiell hand på desse selskapa, er deltakarlova. Den krev at ein må ha ein eigar som er aktiv fiskar som eig over 50 prosent, forklara Eldar Zahl.

Utfordrande lovverk for fiskebåtreiarlaga

Kven som har lov til å eige fiskebåtar er regulert av den såkalla deltakarlova. Den krev mellom anna at majoritetseigaren må vere definert som ein aktiv fiskar. Minst 50,1 prosent av aksjane må vere eigde av aktive fiskarar.

Å vere aktiv fiskar betyr i utgangspunktet at du skal drive fiske, men i praksis kan du vere innanfor om du har arbeidet på reiarkontoret på land.

Denne regelen gjer det vanskeleg å fordele eigarskapet på mange småaksjonærar, som kan vere passive og få utbytte inn på kontoen kvart år.

Det gjer det også vanskeleg på finne reine finansielle investorar, fordi det er lite freistande å investere opptil tresifra millionbeløp og i praksis sitte med minimal makt i selskapet.

Krevjande diskusjonar om skeivfordeling
Diskusjonen om korleis ein kan gjere generasjonsskifter er ekstra aktuell for fiskerireiarlaga av fleire årsaker.

NETT NO kunne nyleg fortelje at fleire enn halvparten av dei største eigarane i fiskebåtreiarlaga på Nordvestlandet, nærmar seg pensjonsalder.

Tidlegare var det meir godteke at den eldre generasjonen peika på éin etterfølgjar til å leie selskapet. Slik er det gjerne ikkje lengre – ikkje minst når det kan vere snakk om verdiar på fleire hundre millionar som skal fordelast.

– Dette med skeivfordeling mellom arvingane er krevjande å ta opp, og gjennomgåande vil eg seie at mange er litt seint ute, meinte Runar Debess.

– Verdiar som er skapt over tid
Jan Rune Hurlen sa seg samd og la til at det også var viktig å velje rett rådgivar.

– Vi har sett ting har skore seg fordi rådgjevinga ikkje har vore god nok, sa han.

Alternativet kan ende i alt frå bitre konflikter, til at fleire sel seg ut.

– Dette er arbeidsplassar og verdiar som er skapt over tid som ein gjerne ønsker skal bli i familien. Då bør det også vere ein viss rausheit og forståing for at det kan bli nødvendig med ei skjeivdeling ut frå lovkrava, kommenterte Eldar Zahl

Glod planlegging eit stikkord
Stikkordet for å få til gode løysingar er å planlegge i god tid. Det var eit samstemt panel samde om, og tre til fem år blei nemnt som ein ok tidshorisont.

– På grunn av desse utfordringane må ein starta prosessen tidleg, og stille seg spørsmålet korleis ein kan legge til rette for å endre selskapet i retninga ein ønsker, påpeika Eldar Zahl.

BDO-revisoren har jobba med ein rekke generasjonsskifte, også i fiskebåtreiarlag i regionen. Han viste til at det finst løysingar.

Ein eigar kan ha verdiar for 100 millionar kroner som denne vil ha ut.
Eldar Zahl

Kan bli utløyst over tid
Vi let revisoren forklare med eit tenkt eksempel på det som blir omtala som ei hybridløysing:

– Ein eigar kan ha verdiar for 100 millionar kroner som denne vil ha ut. Så kan selskapet i samråd med banken seie at dei klarer å finansiere opp 50 millionar med ein gong. Også får du det resterande etter ein avtale om eit påfølgande oppgjer over tid, forklarar Zahl.

Slik kan arvingen få ut verdiane frå eigarskapen til eksempel via eit holdingsselskap.

Grung og Zahl meiner det bør planleggast slik at salet kjem innafor den sokalla fritaksmetoden. Det betyr også at ein kan selje aksjar skattefritt.

– Redd for at belastninga skal bli høg
Ei slik løysing gir ein fordel for selskapet, som slepp ta opp stor gjeld, for å kjøpe ut eigarar i ein omgang.

I staden kan belastninga takast over drifta over tid.

– Fleire av dei som skal styre vidare har fortald at dei er redd for at belastninga skal bli høg, og at det skal hemme den vidare utviklinga av reiarlaget. Om selskapet får stor belastning ved å løyse ut ein aksjonær, må dei kanskje utsette flåtefornying eller kjøpe meir kvote, fortel Zahl.

Meir tid kan gi betre løysingar
– Om eigarane får meir tid på seg, kan dei ofte vere villige til å gå med på ein høgare verdisetting og på den måten få til smidige løysingar, legg han til.

Fleire i panelet påpeika at det var viktig med «lange briller» og planlegge for ulike alternativ, avhengig av korleis drifta går.

– Ein må tore å snakke med neste generasjon, og seie at «ok, eg skjønar at du er redd for å gå glipp av profitten, men la oss bli einige om korleis vi kan gjere det og fordele opp- og nedside», oppsummerte advokat Grung avslutningsvis.

Ein må tore å snakke med neste generasjon
Henrik Grung

Publisert: 21.05.2022 04:58

Sist oppdatert: 24.05.2022 09:59

Mer om