Tango Seaweed vert Sande-selskap
Flyttar inn i nye lokale, hentar inn meir kapital og er klar for å vekse.
- Dette er ei ideell plassering for selskapet. Her har vi alle mulegheiter til å vekse og utvikle oss.
Det seier medgrunnleggjar og dagleg leiar Annelise Chapman i tareprodusenten Tango Seaweed.
Selskapet har hittil leigd lokale hos Marine Sales i Herøy, men har no flytta inn i nye lokale ved hamna i Haugsbygda i Sande. Her har eigedomsselskapet tatt over dei tidlegare Plany- og Proas-lokala på 520 kvadratmeter.
Tørkeanlegg
Medinvestor Viktor Hauge opplyser at ein har støypt nytt golv med avrenningssystem, tilpassa og utvida tørkeanlegget, og bygt lager.
- Her er god plass for å tørke taren og å utvikle nye produkt. Men utanom sesongen kan også andre bruke tørkeanlegget, til dømes for å tørke grønsaker og bær, og ved for den saks skuld.
Litt redusert avling
Fredag vart butaren frå årets sesong hengt opp til tørk i dei nye lokala.
Dette er fjerde året med produksjon frå konsesjonen selskapet har nord for Herøybrua.
- I fjor sette vi ut tare-stiklingar i oktober-november, det var ein månad tidlegare enn før. Dette var ein test, men vi gjer det nok ikkje på nytt ettersom produksjonen vart mindre enn året før, då vi henta opp rundt to tonn med tare.
- Men det er også slik at det er naturlege variasjonar i tareproduksjonen i sjøen, på same måten som bøndene opplever variasjonar i den biologiske produksjonen på land.
Ny emisjon
Selskapet skal no satse meir på marknadssida, og har fått støtte frå Innovasjon Norge til eit prosjekt der ein i samarbeid med tyske aktørar skal sjå på kvalitet, blant anna i form av smak, utsjånad og sporbarheit.
- Vi har fått næringsstøtte frå Sande kommune. Det er vi veldig glade for. Men vi skal også ha ein emisjon for å hente inn meir kapital, først og fremst for å kunne løne fleire fast tilsette og å satse meir innan produkt- og marknadsarbeid, seier Chapman.
Mulegheitene er store, og planen er at vi skal vekse utfrå basen vi no har i Haugsbygda
Chapman er saman med Lovise Kvalsund Otterlei største aksjonær med 19 prosent på kvar. Totalt har selskapet 21 aksjonærar, der Viktor Hauge og Roger Hofseth eig 10 prosent kvar, medan Ablr Equity Partners eig 9,5 prosent og Selina Stihl åtte prosent.
Selskapet sysselset i dag fire årsverk, men er oppe i ti tilsette i sesongane på hausten og våren.
Tare til brødbaking
Under årets innhausting har ein hatt hjelp av praktikantane Kristin Smeby frå Kongsberg og Cecilia Vibe frå Oslo. Smeby studerer ved NTNU i Ålesund, medan Vibe har utdanna seg innanfor utvikling og miljø.
Begge seier at dei har stor tru på satsinga.
- Dette er viktig i ein berekraftsamanheng. Tareproduksjon har eit enormt stort potensiale, seier Vibe.
Smeby har endåtil prøvd å bake brød utan salt, men i staden brukt tørka sukkertare.
- Det smakte veldig godt. Tare kan brukast til mange ulike matrettar.
Vurderer andre artar
Annelise Chapman seier at på sikt vil Tango Seaweed også sjå på mulegheita til å utnytte andre artar av tang og tare, samstundes som ein vurderer å søke på nye konsesjonar.
- Mulegheitene er store, og planen er at vi skal vekse utfrå basen vi no har i Haugsbygda.
- Her skal vi etter kvart få eit fullskala anlegg, der vi også ønskjer å ha kontroll på alle prosessane i tareproduksjonen, inkludert eige klekkeri for stiklingane som vi limer på taua før utsetjing om hausten.
Publisert: 10.05.2021 05:50
Sist oppdatert: 09.05.2021 22:13