Havila Capella ved Tersan foto Havila Kystruten 111
TYRKIA: Arbeidet med å bygge Havila Kystruten sine skip ved Tersan-verftet i Tyrkia var prega av forseinkingar grunna pandemi og Russland-sanksjonar. Verftet gjekk seinare til søksmål mot innreiingsfirmaet Norwegian Marine Interior - eit dotterselskapet av Las AS. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Tersan-tap på 41 millionar etter konkurs

Ingenting til kreditorane etter at Molde-selskap gjekk til skifteretten kort tid før rettssak.

Marius Rosbach
04.02.2025

Møre og Romsdal tingrett sette før helga punktum for bubehandlinga etter konkursen i Las AS. 

Det var ingen verdiar att til kreditorane som til saman hadde meldt inn krav på 54,3 millionar kroner. 

No har tingretten innstilt bubehandlinga og selskapet er sletta. 

Selskapet som var eigd av Langset-familien i Molde, melde oppbod kort tid før dei skulle møte i eit millionsøksmål frå Tersan i fjor. Bakgrunnen var strid om innreiingsarbeid om bord på Havila Kystruten sine skip i Tyrkia. 

Også betydelege tap for Langset
Det høgste kravet i buet var på 41,3 millionar kroner og kom frå det tyrkiske skipsverftsselskapet Tersan Tersanecilik Sanayi ve Ticaret.

Langset Group fekk også betydelege tap og er oppført med eit krav på nær 13 millionar. 

Bustyrar Erik Rolfsen skriv i sin sluttrapport at selskapet har gått med store underskot i fleire år. Undervegs har Langset Group gitt fleire lån i eit forsøk på å berge firmaet. 

Vann fram i retten
Det var fjor selskapet Tersan Tersanecilik Sanayi ve Ticaret fekk medhald frå tingretten at dei hadde krav på nær 41 millionar kroner frå Norwegian Marine Interior (NMI) – eit dotterselskap av Las AS. 

NMI hadde innreiingsoppdraga på Havila Kystruten-skipa ved det tyrkiske verftet. Undervegs rauk dei uklare om betaling og saka var fleire rundar i retten – før dotterselskapet melde oppbod. 

Meinte saka var «meiningslaus»
Styreleiar Leif Magne Langset i Las AS har tidlegare fortald til Nett No at han meiner heile saka var «meiningslaus» og viste til at det ikkje er noko verdiar å hente.

Då Las AS blei drege inn i rettsstriden mellom Tersan og dotterselskapet via ein morselskapsgaranti, såg styret ingen anna utveg enn å melde oppbod- .

Det høyrer med til historia at Norwegian Marine Interior meinte dei hadde motkrav som oversteig kravet frå det tyrkiske verftsselskapet.

Publisert: 04.02.2025 14:06

Sist oppdatert: 04.02.2025 14:12

Mer om