Leif Magne Langset Erik Nikolai Wexels Wold Foto Marius Rosbach 11
TAPTE: Verken styreleiar Leif Magne Langset (t.v.) i Las As, eller noken andre frå selskapet møtte i tingretten til søksmålet frå Tersan. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Vann søksmål på titals millionar – får truleg ingenting

Tersan fekk medhald i strid med Langset-selskap.

Marius Rosbach
29.04.2024

Ein langvarig strid mellom selskapet Tersan Tersanecilik Sanayi ve Ticaret og Langset-selskapet Las As, er truleg kome til ende, som følgje av ein dom i Møre og Romsdal tingrett.

Det tyrkiske skipsverftsselskapet får medhald i at dei har krav på nær 41 millionar kroner, etter at dei ikkje fekk det dei hadde betalt for frå innreiingsselskapet i Molde.

Pengane vil det truleg aldri sjå noko til, ettersom Las As melde oppbod kort tid før millionsøksmålet skulle for retten. Tersan kravde fråversdom i saka, ettersom ingen møtte frå konkursråka Las As.

– Det kan bemerkes at selv om retten avsier fraværsdom i samsvar med Tersans påstander og tilkjenner Tarsan sakskostnader, så vil Tersan med all sannsynlighet ikke få dekket noen av sine krav av Las AS, heter det i dommen.

Tersan blir i dommen tilkjent sakskostnader på 1,6 millionar kroner. Også dette er midlar som det tyrkiske selskapet risikerer å måtte sjå langt etter.

Kravet må meldast til konkursbuet etter Las As, og bli vurdert på lik linje med andre krav i buet.

Bustyrar melde på førehand til retten at buet ikkje ville trå inn i saka.

Innreiingsoppdrag på Kystruten-skip
Utgangspunktet var ei kontrakt på innreiing av dei første skipa til Havila Kystruten ved det tyrkiske verftet.

Det var selskapet Norwegian Marine Interior (NMI) som hadde innreiingsoppdraga for 7,5 millionar euro – kring 88 millionar kroner med dagens kurs. Undervegs rauk partane uklare om betalinga.

Striden var ikkje avgjort då NMI gjekk konkurs i haust. Det tyrkiske verftet har óg levert inn krav på nær 6,5 millionar euro – til dette konkursbuet.

«Meiningslaus» rettssak
NMI var eit dotterselskap i Las As – som var eigd av Langset-familien i Molde. Det er ikkje lengre drift i selskapet – og har ikkje vore ein del av Langset Group.

Styreleiar Leif Magne Langset i Las As har tidlegare fortald til Nett No at han meiner heile saka er «meiningslaus» og viste til at det ikkje er noko verdiar å hente.

– Eg trur og håpar at vi er ferdige med saka no. Vi har forsøkt å vere imøtekomande heile vegen og samtidig stått på det vi meiner er rett, sa han kort tid i forkant av rettssaka.

Det høyrer med til historia at Norwegian Marine Interior meinte dei hadde motkrav som oversteig kravet frå det tyrkiske verftsselskapet.

Publisert: 29.04.2024 19:48

Sist oppdatert: 30.04.2024 20:18

Mer om